Merk at det er endring i opningstidene. Desse skal samsvara med nærliggjande barnehage, og opningstida er frå 01.08.2023 sett frå 07.00-16.15 (tidlegare 06.45-16.00).

Vedtektene er dom følgjer:

§ 1 Grunnlag for vedtektene

Vedtektene for skulefritidsordninga (SFO) er tufta på opplæringslova § 13-7, opplæringslova kapittel 9A, særavtale SFS 2201 og nasjonal rammeplan for SFO gjeldande frå 1. august 2021.

§ 2 Om skulefritidsordninga

SFO er eit tilbod før og etter skuletid for born på 1.–4.trinn og for born med særskilde behov på 1.–7. trinn. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass der dei tilsette skal gje borna omsorg og tilsyn, leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa behova til borna og dei føresette. Det skal leggjast vekt på eit godt samarbeid mellom heim, skule og nærmiljø.

Innhaldet og organiseringa av skulefritidstilbodet skal vera i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale reglar og planar som gjeld for Lærdal kommune. Kapittel 9A i opplæringslova gjeld også for SFO, jf. opplæringslova § 9A-1. Etter § 9A-2 har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Opplæringslova § 9A – 8 regulerer deltaking frå elevar i høve skulemiljøet. Der heiter det mellom anna at elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og sikkerheit ved skulen. Dette gjeld også for skulefritidsordninga.

Borna har rett til å seia meininga si og verta høyrde i saker som vedkjem dei, jf. barnekonvensjonen artikkel 12.

§ 3 Eigarskap

Lærdal kommune eig og er ansvarleg for drifta av SFO i kommunen. Kommunedirektøren er forvaltingsorganet for SFO i Lærdal kommune. Rektor er tillagt det daglege pedagogiske og administrative ansvaret for SFO.

§ 4 Leiing og bemanning

Skulefritidsordningane er administrativt knytte til Lærdalsøyri skule og Borgund oppvekstsenter. Det er rektor som er tillagt det daglege pedagogiske og administrative ansvaret for SFO. Det er 8% stilling til SFO admin + 0,25% pr barn.

•    SFO leiar bør vere pedagog, men det kan gjevast dispensasjon for andre søkjarar med relevant bakgrunn. 
•    Grunnbemanninga skal som utgangspunkt vere ein vaksen per 12 barn
•    Barn med særskilde behov kan etter sakkunnig vurdering og andre tilhøve tilførast eigne ressursar. Det skal takast særleg omsyn til dette.
•    Dei tilsette må sikrast tid til planlegging og samarbeidstid med andre tilsette og SFO-leiar

§ 5 Opptaksmyndigheit og klagerett

Søknad om opptak skal gjerast via elektronisk skjema på kommunen si heimeside. SFO-leiar og skuleleiing handsamar opptak. Avslag eller innvilga plass i SFO er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 og kan klagast på etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Klagen må vera skriftleg og skal sendast til kommunen. I klagen må det visast til kva avgjerd det vert klaga på, og klagen bør grunngjevast. Klagefristen er tre veker. Ved klage er kommunedirektøren underinstans, og klagenemnda i kommunen, formannskapet, er klageinstans.

§6 Opptakskriterium

I utgangspunktet skal SFO gje plass til alle born som ønskjer å delta i ordninga. Dersom dette skulle visa seg praktisk vanskeleg – til dømes av plassomsyn – vert opptak gjort etter desse prioriteringane:

1. born med særskilde behov på 1.-7. trinn ut frå faglege vurderingar 
2. born på 1. trinn 
3. yngre born går føre eldre born

Born med særskilde behov har ikkje rett til spesialundervising i skulefritidsordninga fordi skulefritidsordninga ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa. I og med at det er ulike reglar som gjeld for grunnskuleopplæringa og for skulefritidsordninga, kan det vera at det einskilde barn si trong for tilsyn kan vera ulikt i undervisinga og i skulefritidsordninga.

§ 7 Opptaksperiode og oppseiing av plass ved SFO

Søknadsfrist for plass i SFO er 1. februar. Søknad skal sendast i Visma Flyt skole. Føresette treng ikkje søke kvart år. Når barnet har fått tildelt SFO-plass, har barnet dette til og med 4. årstrinn – eventuelt til og med 7. årstrinn for barn med særskilde behov – eller til plassen vert skriftleg sagt opp.

Lærdal kommune tilbyr to ulike SFO-plassar: Tilbod 1 (før eller etter skuletid) og Tilbod 2 (heildagstilbod/full plass). Oppseiing / endring av plass i SFO skal gjerast med 1 månads varsel med verknad frå den 1. i påfølgande månad. Skriftleg oppseiing skal gjerast gjennom Visma Flyt Skole.

Ein må betala i oppseiingstida sjølv om plassen ikkje vert nytta. Ved endring av plass frå Tilbod 2 til Tilbod 1 gjeld oppseiingstida som for oppseiing. Ved endring frå tilbod 1 til Tilbod 2  gjeld betaling frå avtala endringsdato.

Dersom det let seg gjere praktisk, er det også høve til å ta opp barn i ordninga undervegs i skuleåret.

Det gjeld eigne fristar for påmelding til skuleferiar. Dette vert administrert av den einskilde SFO. Påmelding til SFO i sommarferien skal skje før 1. mai.

§ 8 Foreldrebetaling

Betalingssatsane for SFO vert fastsett årleg av kommunestyret i samband med årsbudsjettet. Det vert betalt for opphald i 10 månader. Betalingsfrie månader er halve juni, heile juli og halve august. Det er eigne dagsatsar for kommunen sitt SFO-tilbod i skuleferiar, inneklemte dagar og i sommarferien.

Moderasjonar og tilbod om gratis SFO:

  • Alle elevar på 1.trinn har rett til gratis SFO, tilbod 2, og alle elevar på 2. og 3.trinn 12 timar gratis SFO, Tilbod 1 (før eller etter skuletid). Ein vert belasta for mat og drikke og har rett til to dagar gratis kvar veke i feriar.

  • Barn med særskilde behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO.

  • Kommunen skal etter søknad gje reduksjon i foreldrebetalinga, slik at den per barn utgjer maksimalt 6 % av inntekta til hushaldinga, jf. nasjonal moderasjonsordning.

•  Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon ved søsken i SFO og/eller barnehage. Ved to søsken i SFO og/eller barnehage vert det gjeve 50 % moderasjon.

Kostpengar for SFO kjem i tillegg til gjeldande betalingssatsar. Dette gjeld også for born som har fått innvilga redusert foreldrebetaling og for born som har gratis SFO. Kostpengar vert fastsett årleg i samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet. Born har med eigen matpakke for ettermiddagsøkta i SFO.

Det er bindande påmelding til SFO i feriane inkludert sommar-SFO.

Dersom bornet er vekke frå SFO-plassen sin ein månad eller meir grunna skade/sjukdom, kan ein få fritak frå første dag i etterfylgjande månad som barnet vert teke ut av SFO. Føresette må i slike tilfelle senda ein skriftleg søknad til kommunen om fritak for betaling for den perioden barnet er vekke og leggja ved legeerklæring.

Ved manglande betaling kan kommunen seie opp plassen med ein månads varsel dersom skuldig beløp ikkje er betalt innan tre veker etter andre purring, eller dersom det ikkje er inngått avtale med kommunen ved økonomiavdelinga om nedbetalingsplan.

§ 9 Leike- og opphaldsareal

Lærdalsøyri skule har eigen SFO-base i samband med småskulebygget. Borgund har oppvekstsenter med skule og barnehage som same eining. SFO har tilgang til gymsal, symjebasseng og stort uteområde på begge skular.

Generelle krav som vert stilt til leike- og opphaldsarealet er dei same som gjeld for skulen. Krava er dei som kjem fram av opplæringslova kapittel 9A, folkehelselova, arbeidsmiljølova, forskrift om miljøretta helsevern, plan- og bygningslova.

§ 10 Opphalds- og opningstid

SFO følgjer i utgangspunktet skuleåret. SFO er ope før og etter skuletid ut frå brukarbehova ved den einskilde skule, og skal tilpassast opningstida til nærliggjande barnehage.

SFO i skuleferiar:
•    Julaftan og nyårsaftan er skulefritidsordninga stengd. Onsdag før skjærtorsdag stengjer skulefritidsordninga kl. 12. Skulefritidsordninga er stengd på planleggingsdagar for SFO-personalet.

•    I haust-, jule-, vinter- og påskeferien og på inneklemde dagar, er det påmelding til SFO.  1,. 2. og 3.klasse har rett til gratis kjernetid også i skuleferiar. Dette tilsvarar to dagar pr veke. Desse dagane må avklarast på førehand gjennom påmeldingssystemet til den enkelte SFO.

•    SFO held stengt frå veke 27-30.
•    Eit SFO år er rekna frå veke 31 t.o.m v.26
•    Born som til vanleg ikkje har SFO-plass, har høve til å kjøpa dagplass.

§ 11 Politiattest

Alle som vert tilsette i skulefritidsordninga må leggja fram politiattest, jf. opplæringslova § 10-9.

§ 12 Teieplikt og opplysningsplikt

Personalet ved SFO har teieplikt etter dei retningslinjene som gjeld i forvaltningslova § 13.

Opplæringslova § 15 – 3 andre ledd omfattar både ei opplysningsplikt på eige initiativ (meldeplikta) og ei plikt til å gje opplysningar etter pålegg frå barnevernstenesta.

§ 13 Forsikring

Barn i SFO er kollektivt ulukkesforsikra for den tida dei oppheld seg på skulen, på utflukter, reiser og liknande som er arrangert av skulen/SFO, og på direkte veg til og frå skulen/SFO.

§ 14 Gyldigheita til vedtektene

Vedtektene vert vedtekne av kommunestyret. Kommunedirektøren får fullmakt til å føreta mindre endringar som følgjer av nasjonale lov- og forskriftsendringar og kommunale og sentrale vedtak. Administrative endringar av vedtektene vert sendt til kommunestyret for orientering.