Retten til skule skuleskyss gjeld både om morgonen når skuledagen tek til, og heim om ettermiddagen når skuledagen er slutt.
Du finn informasjon om skuleskyssordningar på skyss.no. Dersom du ikkje finner svar på det du lurer på kan du ta direkte kontakt med skulen din.
Skuleskyss, SFO og leksehjelp
SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og vert ikkje rekna som skuletid. Elevane har altså ikkje rett på gratis skyss når dei har full SFO-plass. Barn som har plass i SFO om ettermiddagen, får skysskort som berre gir dei rett til skyss om morgonen. Barn som har plass i SFO om morgonen, får skysskort som berre gir rett til skyss om ettermiddagen.
Me ber heimen sjekke at skysskortet til barnet er korrekt i høve til rett på gratis skuleskyss, og evt. ta kontakt med skulen dersom noko er uklart.
Skyssrekvisisjon
Dersom eit barn som har plass i SFO skal heim rett etter skuletid i staden for på SFO, må skulen få melding om dette frå heimen. Det same gjeld for dei som har plass om morgonen, men ikkje skal på SFO. Når skulen mottek slik melding, vert det skrive ut skyssrekvisisjon som barnet skal levere på bussen. Me ber om at de melder dette inn til SFO-leiar eller kontaktlærar seinast dagen før skyssrekvisisjonen skal brukast.
Leksehjelp
Det er ingen rett til skyss etter leksehjelp. Elevane får følgje bussen kl.14.35 mot betaling.
Skysskort/verdikort
Elevar som skal ta buss utan gyldig skysskort eller rekvisisjon, må betale for skyssen.
På Kringom sine nettsider kan du lese om kjøp av skysskort/verdikort/månadskort for dei som ikkje har rett på fri skuleskyss: Verdikort kan ein kjøpe direkte på bussen. Det fungerar som eit klippekort.
For barn som går på ein annan skule enn nærskulen
Dei som ville hatt rett på skyss til nærskulen, får dekka skyss ved skulebyte. Dei som ikkje ville hatt rett på fri skuleskyss ved å gå på nærskulen, må sjølv betale skuleskyssen ved skulebyte.
Skulevegen til/frå Ofta
Denne vegen er rekna som farleg skuleveg for 1.-4. klassingane og denne aldersgruppa har såleis krav på gratis skuleskyss.
Delt bustad
Dei som har delt bustad der ein har rett på skyss til/frå begge adressane, eller rett på skyss til/frå den eine adressa, må melde frå til skulen om dette.