Barneverntenesta skal sikre barn og barnefamiliar rett hjelp til rett tid. Vidare skal tenesta bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. 

Barneverntenesta samarbeider med andre deler av det offentlege hjelpeapparatet. Tenesta vert gjeve til barn frå 0 – 18 år. I spesielle tilfelle, der ungdomen sjølv ynskjer det, kan tiltak vare fram til 23 år.

Alle som arbeider innan barneverntenesta har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.

Aurland og Lærdal barnevernvakt

Telefonen er bemanna heile døgnet. Telefonnummer 90 21 34 81.
Du skal ringe hit dersom du er alvorleg bekymra for eit barn eller ungdom og du tenker bornet har trong for umiddelbar hjelp frå barnevernet. 

Aurland og Lærdal barnevern har ikkje vaktberedskap. Ved akutte situasjonar kan politiet kontaktast på tlf 112.

Alarmtelefonen for born og unge

Alarmtelefonen for born og unge er ein gratis nødtelefon som er open når kontora på barneverntenesta er stengt. Ferietid kan for noken born være vanskeleg, born og unge som opplever rus, vold eller overgrep kan ringe:116 111

Dersom noken har mistanke om at andre vert utsett for dette, kan dei også ringe.

Les meir om Alarmtelefonen 116 111.

Bekymringsmelding

Dersom du her ei bekymring vedrørande omsorgssituasjonen til eit barn, kan du kontakta barnevernet med ei bekymringsmelding, klikk her for å koma vidare.

Søknad og klage

Søknad om teneste kan sendast til barneverntenesta.

Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side.

Klagefristen er på tre veker. Vidare klageinstans er fylkesmann. Dette gjeld ikkje for saker som høyrer inn under fylkesnemnda. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.