Skulen er ein trygg og god skule. Skulen har nulltoleranse mot mobbing. Felles fokus, tidleg innsats og førebygging er viktig.

Med ganske små klassar og lærarar som kjenner elevane godt så vert den enkelte elev sett og ivareteke i sterk grad.

Borgund skule har som mål å bli ein god lokalskule, der vi nyttar nærmiljøet tverrfagleg i opplæringa.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Obligatorisk undervisning for grunnskuleborn 1.-7. klasse ved Borgund skule
  • Spesialundervisning etter sakkunnig vurdering ved Oppvekst Borgund
  • Opplæring av barn frå språklege minoritetar ved Oppvekst Borgund
  • Barnehagetilbodet i Borgund barnehage
  • Barnehagetilbod til flykningar og innvandrarar ved Borgund barnehage
  • Spesialpedagogiske førskuletiltak ved Borgund barnehage
  • Skulefritidsordning (SFO)