Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod når det gjeld førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.

Ergoterapitenesta inngår som ein del av kommunens tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod.

Om fysioterapitenesta

Fysioterapeuten gjer ei vurdering / undersøking og tilpassar opplegg til pasienten individuelt eller i gruppe. Tenesta har tilbod til personar i alle aldrar.

Fysioterapi kan føregå ute i skule, barnehage, institusjon eller heime dersom ein av ulike årsaker har vanskar med å oppsøke fysioterapeut. 

Fysioterapitenesta består av to kommunalt tilsette fysioterapeutar og ein privat fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen. Eigenandel for pasient er lik i heile fysioterapitenesta.

Fysioterapitenesta gjeld for alle som bur eller har mellombels opphald i Lærdal kommune. 

Timebestilling hjå fysioterapeut

Om du har fått tilvising til fysioterapi frå lege, kan du levera den i resepsjonen på Lærdal helsesenter, 2.etg. Øyraplassen 8, eller hjå fysioterapeut Henri Henell, Øyraplassen 8, 1.etg. 

Frå 01.01.2018 er det direkte tilgang til fysioterapi, noko som inneber at pasienten sjølv kan ta kontakt med fysioterapeuten også utan tilvising. Fysioterapitenesta må prioritere ut frå diagnose. Dei som har best nytte av behandling blir prioritert. Enkelte pasientgrupper må rekne med noko ventetid.

Fysioterapeuten ringer deg for å avtale tidspunkt for konsultasjon.

Avbestilling eller endring av time

Om du ikkje har høve til å møte til avtalt time, må du avbestille timen seinast eit døgn før.
Timar som vert avbestilt under eit døgn, må betalast i sin heilheit.
Ta kontakt på telefon 57 66 95 00.

Betaling og transport ved fysioterapi

Alle betalar eigendel ved konsultasjon hjå fysioterapeut. Unntak er barn under 16 og pasientar med godkjend yrkesskade. Du finn meir info på nettsida til Helsenorge ved å klikka her 

Ein betalar for timen på betalingsautomaten på helsesenteret. Ved heimebesøk, vert det sendt ut faktura for eigenandel. Privatpraktiserande fysioterapeut har eigen betalingsterminal.

Transport

Ved spørsmål om transport til og frå fysioterapi, ta kontakt med din fysioterapeut, eller sjå meir info på nettsida til Helsenorge ved å klikka her.

Ergoterapitenesta

Ergoterapeutar er opptekne av kva som er viktig i livet ditt. Dersom du har vanskar med å utføre kvardagslege aktivitetar og gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne kan du får hjelp av ein ergoterapeut. 

Ergoterapeutar skal i eit samarbeid med brukar kome fram til tiltak og løysingar. Det handlar om å ta i bruk eigne ressursar for å meistre kvardagen, bli mest mogleg sjølvhjulpen og deltakande i eiget liv.  

Nokre av arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten er:
- Kartlegging og trening av funksjonsevne og aktivitet 
- Formidling og tilpassing av hjelpemidlar, inkludert syn og hørsel
- Legge til rette dei fysiske omgivnadane i heim, barnehage, skule og arbeidsplass for å fremje deltaking i ynskja aktivitet
- Tilrettelegging av bustader for at ein kan kunne bu lengst mogeleg i eigen heim
- Råd og rettleiing i høve bustadtilpassing 

Tenesta er gratis. For kontakt, ring Lærdal helsesenter på telefon 57 64 12 00.

Ergoterapeut i Lærdal er Synnøve Askeland Kvamme.