Bakgrunn og vidare prosess 
Kvalitetsnorm for villrein vart fastsatt ved Kgl. res. 23.06.2020. Kvalitetsnormen slår fast at dersom ein fastsatt kvalitetsnorm ikkje blir nådd, eller det er fare for dette, bør Klima- og miljødepartementet (KLD) i samråd med andre berørte styresmakter utarbeide ein plan for korleis kvaliteten likevel kan bli nådd. Fyrste klassifisering vart gjennomført våren 2022. Klassifiseringa synte at seks av dei ti nasjonale villreinområda har dårleg kvalitet. Dei fire andre områda er klassifisert med middels kvalitet. Nordfjella er klassifisert med dårleg kvalitet, der CWD er hovudårsaka. 

På bakgrunn av dette bestemte regjeringa at det skulle setjast i verk eit arbeid med tiltaksplanar for dei aktuelle nasjonale villreinområda. Målet med tiltaksplanen er å få betre levevilkår og godkjent status for villreinen.

Statsforvaltaren i Vestland fekk ansvaret for å leie arbeidet med tiltaksplan for Nordfjella. Totalt har seks arbeidsgrupper vore i sving der det vart skissert totalt 115 forslag til tiltak, frå store og særs kostbare samferdsleprosjekt, til ferdselsteljingar og regulering av lokale grusvegar. Gjennom sortering, systematisering og prioritering peikar Statsforvaltaren i Vestland på 16 konkrete tiltak som blir vurdert å ha stor effekt. Tiltaka er delt inn i tiltakspakker ut frå ei geografisk inndeling. 

Miljødirektoratet har no fått «Fagleg tilråding til tiltaksplan for villreinen i Nordfjella», denne blir sendt til Klima- og miljødepartementet med Miljødirektoratet sine vurderingar. Departementet vil sende tiltaksplan på ei offentleg høyring. Etter høyring skal departementet slutthandsame planen. Tiltaksplanen blir og sett i samanheng med stortingsmelding om villrein som Klima- og miljødepartementet arbeider med, og som skal leggjast fram for Stortinget i 2024. 

Pressemelding 
Ordførarkollegiet i Nordfjella (Aurland, Lærdal, Ulvik, Hemsedal, Hol, Ål) meiner det er eit viktig arbeid som no er sett i verk, og me er glade for at det er utarbeidd ei «Fagleg tilråding til tiltaksplan for villreinen i Nordfjella». Tilrådingane i planen har vektlagt villreinen sitt beste. Oppgåva i komande høyringsrunde vil vera å balansere klokt der det er potensielle interessekonfliktar mellom villreinen sine behov på den eine sida og konsekvensar og ulemper dette kan føre med seg for anna samfunns- og næringslivsutvikling. 

Pål Rørby, leiar 
Mobil: 91638675 
Knut Arne Gurigard, koordinator 
Mobil: 99287940