Behovet for kommunale tenester aukar i takt med at samansettinga i befolkninga endrast. Me blir fleire eldre, færre i yrkesaktiv alder og fleire yngre med behov for tenester i eigen heim. 
Rett bruk av velferdsteknologiske hjelpemiddel kan bidra til at auka tryggleik og meistring for tenestemottakarar og betre ressursutnytting i kommunen. 

Før ein person kan ta i bruk teknologi vil det bli utført grundig kartlegging for å vurdere om det er aktuelt og kva som er beste løysing. Det finns mange ulike former for velferdsteknologi. Nedanfor fylgjer eit utval av tenester som kommunen tilbyr i dag. 

Elektronisk medisineringsstøtte

Dette er ein dosett som varslar med lyd og lys når du skal ta medisinen din. På denne måten får du rett medisin til rett tid. Dispenseren registrerer om du tar medisinen. Dersom du ikkje gjer det går det eit varsel til heimetenesta som vil ta kontakt med deg.

 

Digital tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein knapp som du kan ha som eit smykke rundt halsen eller på handleddet. Når du trykker på knappen vil heimesjukepleia i kommunen få beskjed. Tilsette i heimesjukepleia rykker ut uansett når på døgnet det er. 

Rørslesensorar

Rørslesensorar er ulike sensorar som registrerar og varslar rørsle. Dette kan blant anna vere sengesensor som varslar når det har vore fråvær frå senga over ein gitt periode, dørsensor som varslar dersom du går ut døra eller ein fallararm som gir beskjed når du dett. På denne måten kan du få hjelp til riktig tid, når uhellet faktisk oppstår. 

Lokaliseringsteknologi - GPS

Bruk av GPS gjer det mogeleg å sjå kvar ein person oppheld seg. Dette kan enten bli gjort ved at du sjølv trykkjer på ein alarmknapp, eller at tenestene eller pårørande kan gå inn og sjå kvar du er. Vurdering av samtykkekompetanse og krav om personvern vil bli grundig ivaretatt.