Det er krav til at det skal haldast førehandssamtale for alle byggesaker (tiltak) i område.
Tiltakshavar vil få informasjon om:

  • Reguleringsplan for Gamle Lærdalsøyri
  • Forvaltningsplan for Gamle Lærdalsøyri
  • Krav til byggesøknaden
  • Krav til planleggjar og utførande

Buffersone til det verna området har bygningsmiljø som skal takast vare på som verna område, men ein skal ikkje hindre utvikling i området (kan byggja på og gjera endringar).
Det vert stilt krav til tilpassing til eksisterande bygningsmiljø og arkitektfagleg bistand.
Krav til søknad er som for verna område.

Alle søknader skal stilast til Lærdal kommune (post@laerdal.kommune.no), som sender søknaden til uttale hjå fagrådet for gamle Lærdalsøyri og Avdeling for kultur hjå Vestland fylkeskommune før søknaden vert handsama i utval for Miljø og samfunnsutvikling i Lærdal kommune. Fagrådet for gamle Lærdalsøyri har rådgjevande funksjon og ikkje avgjerdsrett, medan Avdeling for kultur hjå Vestland fylkeskommune er fagmyndigheit med klagerett på kommunen sitt vedtak.

Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) er et nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet som kan gje rettleiing om søknadspliktig tiltak, om krav til  søknadsprosessen, gje tilgang til skjema (digitale og manuelle) og informasjon om forskrifter.

Byggjesakshandsamar er å treffa tysdag, onsdag og torsdag:
Arnt Otto Øygarden: arnt.otto.oygarden@laerdal-kommune.no
Telefon: 940 02 469 |||  576 41 200

Linkar:

Lærdalsøyri, reguleringsplan for verneområdet 2008   Kart
Reguleringsplan for utviding av verneområdet 2013   Kart   ROS analyse
Detaljregulering for Øyragata, Lindstrøm – Esso 2012   Kart
Forvaltningsplan for Gamle Lærdalsøyri. Del 1 2005
Gamle Lærdalsøyri. Plan for vern, vedlikehald og forvaltning. Del 2 2005
Fargeplan for bygningar i verneområdet.
Direktoratet for byggkvalitet dibk.no
Vernearbeidet for gamle Lærdalsøyri
Brannsikringsplan for verneområdet