Mål for pleie og omsorg i Lærdal:
Organisasjonen vår skal legga vekt på å sikre tilgjenge og tryggleik for den enkelte brukar. Den einskilde arbeidstakar skal møta brukar med respekt og empati. Me skal i tillegg vere lyttande til pårørande sin informasjon. Me ynskjer å ha ein organisasjon som gjev brukarane ein god og trygg kvardag. Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det totalt 22 plassar, 18 langtids- og 4 korttidsplassar. 

Pleie og omsorg har følgande tilbod:
•Korttidsopphald
•Avlastningsopphald
•Langtidsopphald
•Nytte- og trivselsopphald
•Dagopphald
•Omsorgsbustadar
•Omsorgsbustadar med heildøgsomsorg.

Søknad og vurdering av søknaden er avgjerande for kva type opphald du får tildelt. Tilbodet ditt skal tilpassast etter behov. Dersom tilstanden din skulle endra seg, vil du få høve til ny søknad og hjelp frå heimesjukepleien til å utforma søknaden.

Besøk på Lærdal bu og omsorgsheim

Kjære besøkande!
Mange pasientar i helse og omsorgsinstitusjonar er særleg sårbare for smitte med covid-19 på grunn av alder og underliggande sjukdommar.  Det er difor besøkskontroll ved Lærdal bu og omsorgsheim. Dette er i tråd med retningsliner og tilrådingar frå helsedirektoratet. 
 
Du kan ikkje kome på besøk dersom du er koronasjuk, har luftvegssymptom eller er i karantene på grunn av kontakt med ein smitta eller reise til utlandet. 
 
Om du har  vore sjuk og blitt testa for covid-19, må du vente med å komme på besøk til du har fått negativt svar på testen og er heilt frisk igjen. 
 
Mange av bebuarane er no fullvaksinerte, men ikkje alle, og nokon kan ikkje få vaksine. Det vil også ta lang tid før personalet er vaksinert, smitte i institusjon vil derfor vere svert utfordrande. Oppfordrar derfor alle til å overhalde gode smittevernsrutinar.  
 
Besøk skal avtalast med besøksvert på telefon: 404 00 539 
  man.- fre. på dagtid.
Besøkstida vil vere: Måndag - fredag: 11:00-17:00
                                      Lørdag/ Søndag: 14:00 -17:00
Besøkande skal nytte hovedinngang, og blir tatt imot der.  
Besøkande skal utføre handhygiene før og etter besøk. 
Dersom du kjem frå eit område der det er anbefalt å bruke munnbind i offentleg rom, skal du nytte dette også ved besøk hjå oss. 
Besøkande får ikkje opphalde seg i fellesareal.
Besøkande skal halde 1 meters avstand til andre, og  bør ikkje ha fysisk kontakt med den dei besøker. Vi anbefaler dette også etter fullvaksinering hjå begge partar. 
Ingen avgrensing på tid
Besøkande kan forlate instutisjonen når ein sjølv ønskjer. 
Besøkande må gje beskjed til Lærdal bu og omsorgsheim dersom ein vert sjuk i løpet av dei to første døgna etter besøket. 
Det vert ført besøkslogg, for å sikre smittesporing i etterkant. 
 
Det vert gjord tilretteleggingar dersom det føreligg særlege omsyn hjå bebuar eller pårørande. Dette skal då gjerast avtale om på førehand. 
 
Vi tilrettelegg også for at bebuarane kan ferdast ute, eller få besøk utandørs. Her gjeld også basale smitteverns rutinar.
 
Vi ynskjer at besøkande som tek med seg sin nære ut, held seg ved Sansehagen eller på grøntområdet kring sjukeheimen. Dette for at vi skal kunne ivareta på smittevernet, og ha kontroll på kor mange bebuaren kjem i kontakt med. Det siste med tanke på eventuelt smittesporing.
 
Dersom de likevel vel å gå utanfor sjukeheimen sitt område, ber vi deg som pårøande passe på at smittevern rutinane vert følgde.
 
Hjelp oss å halde covid-19 ute frå Lærdal bu og omsorgsheim!