![]() |
Hans Gjesme/GJS-00464 |
Sogn kunstsenter
Senteret opnar fredag 16. juni 2023 med ny utstilling.
Sogn kunstsenter opna i 2011 og huser Gjesmesamlinga. Lærdalskunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut ifrå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, maleri, akvarell, pastell og skulptur. På grunnlag av denne samlinga på om lag 1500 verk, vart Sogn Kunstsenter bygd.
Les meir om Gjesme og utstillingane i kunstsenteret hjå Sogn og Fjordane kunstmuseum.
Artiklar om kunstnaren Hans Gjesme
Hus hjå Hans Gjesme av Ingrid Norum
Hans Gjesme sine portrett av Ingrid Norum
Sjå måleria til Gjesme i Digitalt museum
Borgund stavkyrkje
Borgund stavkyrkje frå ca. 1182 ligg på Borgund i Lærdal, og er eitt av dei best bevarte minnesmerka i landet. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen, og Lærdal sitt kommunevapen er to stiliserte dragehovud frå stavkyrkja.
![]() |
Løytnantsbrygga |
Gamle Lærdalsøyri
Gamle Lærdalsøyri er eit unikt kulturmiljø med høg verdi både i lokal, regional og nasjonal samanheng. Strandstaden vart alt i 1970 regulert til spesialområde for bevaring med heimel i plan- og bygningslova. Eigen forvaltningsplan gjeld for området med buffersone. Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri er eit uavhengig, rådgjevande organ som skal kome med faglege råd og innspel i samband med byggesaker i verneområdet. Leiaren er oppnemnt av kulturavdelinga i Vestkand fylkeskommune.
![]() |
Vindhella |
Kongevegen
Dei gamle vegane i Lærdal er mange og spektakulære. Flott ingeniørkunst kan ein sjå både i Vindhella og Seltåsen, og den gamle kongevegen over Filefjell er eit satsingsområde. Lærdal kommune har eit godt samarbeid med Statens vegvesen i forvaltninga av dei gamle vegane i dalen.
![]() |
Villaks |
Norsk villakssenter
Norsk Villakssenter ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.
Her kan du sjå levande laks i lakseobservatoriet og delar av den nye utstillinga i senteret. I filmrommet kan du sjå filmen "Kampen for livet" og utanfor senteret kan du sjå uteutstillinga om laksen, hans liv og utfordringar. Senteret er stengt for sesongen og opnar 15. juni 2023.
Lærdalsmarknaden
Lærdalsmarknaden er ein friluftsmarknad som er blant dei eldste i Noreg med røter tilbake til 1500-talet. Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. Sjølvsagt vart det då meir innbringande for bønder og handelsmenn å ha naust og sjøbuer her nede ved sjøkanten. Marknaden var og viktig for utveksling av kultur mellom bygdene og landsdelene og påverknad generelt utanfrå. Ungdom og tenestefolk strøymde til for moro og fest. Spelemenn frå Hallingdal og Valdres, møttest med spelemenn frå vestlandet. (Kjelde: Lærdal bygdebok IV Heim og ætt, Lærdal kommune, 2001)
Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje heile helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november
Lærdal post- og telemuseum
Lærdal post- og telemuseum held ope i juli.
Opningstider for sommaren 2023 vert annonsert seinare.
Gratis inngang.
Telegraf- og telehistoria i Lærdal strekkjer seg attende til 1856. Norsk Telemuseum si avdeling i Lærdal syner glimt frå ei spennande teknologisk utvikling. Maihaugen folkemuseum på Lillehammer er ansvarleg for ei interessant posthistorisk utstilling i same lokale.Gjennom fotografi og illustrasjonar, tekstar, gjenstandar, modellar og lydkulisser vert tilskodaren teke med på ei kort reise i lokal, regional og nasjonal posthistorie, under temaet ”Frå fjord til fjell”.