Det er dei frodige landbruksområda med dyrking av bær, frukt, grønsaker og potet, som mange tenkjer på. Dessutan Lærdalselvi, som er livsnerva i dalen, og den vakre stavkyrkja på Borgund.
No er visjonen og knytt til eit klart ynskje om å verte av dei beste til å gjennomføra det grøne skiftet. Kommunen har utarbeidd ein eigen kommunedelplan for klima, energi og miljø, med ambisiøse mål og konkrete innsatsområde fram mot 2030.
I 2030
- Dei direkte klimagassutsleppa i Lærdal kommune er halvert, og redusert med minst 10 000 tonn CO2e i 2030, samanlikna med utsleppa i 2018. I 2050 eit 0-utsleppssamfunn.
- Færre og mindre omfattande skader ved klimarelaterte hendingar.
- Fossilfri, bærekraftig og sikker energiforsyning og energieffektiv produksjon og forbruk.
- Mangfaldig og artsrik natur, naturvenlege kulturlandskap og sunt miljø.
Innsatsområde
- Klima og miljøvennlege, energieffektive arbeidsplassar
- Klima-, energi- og miljøvennleg kultur- og næringsverksemd
- Klima-, energi- og miljøvennleg arealbruk, bustadmiljø og bygg
- Kompetanseutvikling omkring klima-, energi og miljø
- Klima-, energi- og miljømedvitne Lærdøler
- Lærdal, eit klimarobust og sikkert samfunn i eit endra klima