Kvart fjerde år skal kommunal planstrategi reviderast. Kort fortalt handlar denne om å leggja ein overordna strategi for kva planar kommunen skal prioritere å jobbe med dei komande åra.

Det skal utarbeidast eit analyse- og utfordringsdokument knytt til denne planstrategien. Her ynskjer me innspel på utfordringar og problemstillingar ein ser for seg kan koma dei neste åra, og kva problemstillingar som bør belysast i dette dokumentet. Det kan vera utfordringar og problemstillingar knytt til dei typiske kommunale tenesteområda - helse og omsorg, oppvekst, teknisk, kultur og fritid - men det kan og vera utfordringar og problemstillingar innan næringsliv og tilbod ein typisk får gjennom private aktørar, det kan handla om beredskap og naturfare, samferdsle og/eller kollektivtrafikk og mange fleire tema.  

Desse planane blir jobba med

Poenget er at planstrategien skal ta føre seg planverket til kommunen, og innehalda ei vurdering av når alle planar skal utarbeidast og reviderast. For når ein kommune skal jobba med samfunnsmessige utfordringar, problemstillingar og utvikling skal ein jobba utifrå ein plan som ligg i botnen.

Når det gjeld planane ein jobbar med no er status at kommunen vedtok ny arealdel i kommuneplanen hausten 2023, og planlegg oppstart av planprosess for ny samfunnsdelen i kommuneplanen våren 2024. Dette er dei to konkrete planane på toppen av planhierarkiet. 

Vidare er kommunen i gang med kommunedelplanar for desse tema: 

  • Næring
  • Naturmangfald
  • Oppvekst
  • Helse, omsorg og folkehelse (har vore på høyring)

Det er ei målsetting å ferdigstille desse planprosessane for kommunedelplanane i 2024. 

Kommunen er og i gang med Bustadpolitisk handlingsplan, men dette arbeidet har stoppa litt opp. Planen er å ferdigstille planen i 2024. I tillegg har det vore utarbeidd fleire temaplanar dei siste åra - oversikt over planane finn ein ved å klikka her, så kjem ein til sida for Plan og høyringar (Her finn ein også Kommunal planstrategi som vart vedteken i 2020)

Kom med innspel

Så no ynskjer Lærdal kommune innspel på andre planar, både kommunedelplanar, andre temaplanar, og reguleringsplanar som kommunen bør vurdera å utarbeida eller revidera i denne kommunestyreperioden.

Dermed kan statlege og regionale styresmakter, samt nabokommunar, lag og organisasjonar eller andre koma med innspel til planarbeidet. Innspel sender ein til post@laerdal.kommune.no innan 28.mars 2024.