I eit møte mellom Språkrådet, Vestland fylkeskommune og Kartverket i januar 2021 vart det vedteke at Språkrådet over tid og kommunevis skal sjå nærare på dei stoppestadnamna som blir nytta i fylket i dag. Dette fordi det er signalisert frå ulike hald at det  er ein god del feil og manglar som bør rettast opp slik namna er no. 

Frå Sviggum til Sjukehusvegen

Målet for arbeidet vil vera å finna fram til og få fastsett stoppestadnamn som er mest mogleg i pakt med den lokale stadnamntradisjonen og med det regelverket som finst i stadnamnlova.

No har turen kome til Lærdal - ettersom hovudvegane er prioritert er det endringar på haldeplassane langs E16 og Rv 5 som ligg inne no. 

Språkrådet føresler ein del endringar - mellom anna å døypa haldeplassen som i dag heiter Sviggum om til Sjukehusvegen, at haldeplassen Øygard skal bli Øystad og Sjurhaugen skal bli Seltåsen. 

Alle endringsframlegga finn du ved å klikka her og opna dokumentet. Skildring av bakgrunnen for arbeidet finn du ved å klikka her.

Den som måtte ha innspel i saka om namn på haldaplssane kan senda desse innan 24.november til: post@laerdal.kommune.no.