Denne planen er grunnlaget for kommunen sine prioriteringar for tiltak for å betre trafikktryggleiken i kommunen.  Planen legg og grunnlag til kommunen sine innspel til NTP og RTP (regional og nasjonal trafikkplan), som er handlingsplanar for fylkesvegar, riksvegar og stamvegar.

I planen handlar det om både førebyggjande tiltak og fysiske tiltak.  Fysiske tiltak kan f.eks. vera fartsdemparar, fotgjengarovergangar, gatelys, utbetring av busstopp, oppgradering av vegar, etablering av gang- og sykkelvegar, reduserte fartsgrenser, tiltak mot viltpåkøyrsle, forbetring av siktsoner, betre kryssløysingar osv. 

Førebyggjande tiltak kan f.eks. vera ulike opplæringstiltak i skule og barnehage, Trafikal grunnkurs som valfag i skulen, fokus på trafikktryggleik i alle einingar i kommunen, informasjonsarbeid osv. 

Lærdal kommune har tidlegare varsla oppstart av planarbeidet, og bad då om innspel til planarbeidet. Me fekk då inn ein del innspel, men ynskjer gjerne fleire innspel på farlege område, behov for tiltak osv. i ein større del av kommunen vår enn det me har fått inn. 

Me tek difor ein innspelsrunde til, og ber på nytt om innspel på behov for tiltak for å betre trafikktryggleiken i heile kommunen vår.  Alle kan koma med innspel, både enkeltpersonar, lag og organisasjonar, verksemder eller FAU/SU i skular og barnehagar. Dei som har levert innspel, treng ikkje sende inn på nytt. 

Ny frist for innspel på behov for trafikktryggleikstiltak er sett til 13. mars 2024, og innspela sender de til post@laerdal.kommune.no , eventuelt i post til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal. 

Les planprogrammet for planarbeidet her (trykk på lenka) 

Sakspapiret for vedtaket finn du her (trykk på lenka)

Den førre Kommunedelplanen for Trafikktryggleik les du her (trykk på lenka)