Føremålet har vore å få fleire bustadtomter i området, samt modernisera gjeldande reguleringsplan for heile bustadfeltet. Planarbeidet måtte stoppa opp ein lenger periode fordi det måtte gjerast naudsynte avklaringar i overordna planlegging fyrst (arealdelen i kommuneplanen). 

Men torsdag 15. februar 2024 vart reguleringsplanen som opnar for nye bustadtomter i Hanseskogen vedteken i kommunestyret.

Måtte ta ut 19 tomtar

Opphaveleg framlegg til ny reguleringsplan la til rette for 33 nye bustadtomter i Hanseskogen bustadfelt, då som både utviding og fortetting av bustadfeltet. Kommunen har samstundes jobba med overordna kommuneplan (arealdelen), og det vart i begge desse planprosessane protestert på planane om nye bustadtomter langs Lærdalselvi av Statsforvaltaren i Vestland og NVE. 

For å koma til semje med dei offentlege myndigheitene, måtte kommunen ta ut 19 bustadtomter av planen, det vil seia alle tomtene som var føreslege langs elva. Området ligg framleis som mogleg framtidig bustadareal i kommuneplanen, men treng naudsynte avklaringar på blant anna det planlagde flaumsikringstiltaket før eventuell seinare realisering. 

Endringane som no er vedtekne for Hanseskogen bustadfelt, er oppsummert slik: 

- Det er regulert inn sju nye bustadtomter på Øyamarki, der ei av tomtene (BK2) kan nyttast til meir konsentrert småhusbygging. Dette område er tidlegare regulert til bustadtomter i 2009, så reguleringsendringa er ei fornying av planen om bustadtomter på arealet, og det er og regulert inn ein leikeplass i feltet. 

I kartutsnitt til venstre under er den gamle reguleringsplanen for Øyamarki. I kartutsnitt til høgre er no den nye reguleringsplanen for same område. Tomtene markert med raudt er tomtene som ikkje er fjerna frå planen etter dialog med myndigheitene, og desse kan difor realiserast. Gjennomføring av desse bustadtomtene kan anten gjerast som privat utbygging, eller som kommunal utbygging, men dette er ikkje avklart enno.

Dei sju tomtene markert i raudt i kartutsnitt til høgre er vedtekene nye bustadtomter.

- Det vart regulert inn fem nye bustadtomter i grøntarealet midt i Hanseskogen bustadfelt. Ein av desse bustadtomtene vart teke ut av planen i handsaming i kommunestyret. Dei fire resterande bustadtomtene kan no realiserast.

Dei fire tomtene markert med raudt er vedtekne nye bustadtomter i bustadfeltet. Tomta som er markert med blått kryss vart teke ut av planen under handsaming i kommunestyret.

- Det låg opprinneleg inne 19 tomter langs Lærdalselva. Desse er teke ut av planen, og området mellom Lærdalselva og Hanseskogen bustadfelt vert difor ikkje endra.

Alle tomtene markert med raudt i kartutsnittet er teke ut av planen, så dette området vert ikkje endra frå dagens situasjon.

Dette skjer vidare

Alle grunneigarar/huseigarar i heile bustadfeltet har fått kunngjering av vedtaket som eige brev. Det er klagefrist på vedtaket i tre veker. Når klagefristen er ute, og eventuell klagehandsaming er sluttført, vil dei nye tomtene på grøntarealet lysast ut for sal fyrst. Dette vil skje på heimesida til Lærdal kommune i eigen nyheitsartikkel. Det vil då bli informert om søknadsskjema, tomteprisar, rutinar for tildeling av tomter osv.  

Sakspapira til kommunestyret med alle vedlegg og vedlegg kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja.

Framlegg til reguleringsplan som låg ute til offentleg ettersyn kan ein lesa ved å trykka på denne lenkja.  

Reguleringsplanen vert oppdatert etter vedtak i kommunestyret innan kort tid, og gjort offentleg på kommunen si heimeside, og digitalt på Kommunekart