Lærdalstunnelen skal nattestengjast når oppgraderingsarbeid med tunnelen startar tentativt i 2025. Då vil oppstillingsplassar for køyretøy på begge sider av tunnelen bli laga til. 

Statens Vegvesen har tidlegare sendt Lærdal kommune eit planframlegg på tiltaket. Planframlegget inneber at det også skal byggjast eit mindre servicebygg på arealet. 

Oppstillingsplassen og servicebygget er planlagd som mellombels tiltak under arbeidet med tunnelen, og arealet skal tilbakeførast til landbruksareal etterpå.

Vedtak i kommunestyret

Kommunestyret vedtok 14.september detaljregulering for oppstillingsplassen og erosjonssikring av Voll bru. Det vart vedteke nokre endringar og tillegg i høve planomtalen. 

Endringane går hovudsakleg på det miljømessige - at det ikkje skal etablerast nye vandringshindringar for fisk i Lærdalselvi, at tiltaket ikkje må føra til negative konsekvensar for vassuttak, naturtypar eller naturmangfald i vassdraget og at avbøtande tiltak må iverksetjast straks dersom det er fare for ureining nedstraums tiltaket. Klikk her for å sjå saksdokumenta.

Når detaljreguleringsplanen no er vedteken inneber det at Lærdal kommune har godkjent planane. Men vedtak av reguleringsplan er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter Forvaltingslova. 

Klaga må vera sendt til kommunen innan 3 veker frå denne kunngjeringa (9.november 2023), og klaga må vera grunngjeven. Det må koma tydeleg fram kva som vert klaga på, og kva forhold klagar har til planområdet og saka. Klaga skalø sendast til post@laerdal.kommune.no