Her kan du sjå 17.mai-programmet for i år (nedst i artikkelen)!

Kor vidt det blir salutt er i skrivande stund uvisst, og denne ligg difor ikkje i programmet førebels. Grunnen til det er at me per no ikkje har nokon til å stå for salutten - som dei siste åra har vorte fyrt av nedanfor Hedlerbrui klokka 8 på morgonen.

Me ser på moglege alternativ - samstundes er salutt eit omdiskutert tema. For nokre er det ein viktig tradisjon på 17.mai; for andre, tobeinte og firbeinte, kan det vera skremmande. Kor vidt det blir salutt eller ikkje kjem me attende med info om nokre dagar før nasjonaldagen finn stad.