SIMAS brukar opplysningane som ligg i matrikkelen som grunnlag for utskriving av renovasjonsgebyr.
Me anbefalar at du lastar ned appen "Min renovasjon". Der du får oversikt over når det er henting av dunkar og du kan legge inn varsling til deg sjølv. Du kan også lasta ned Simas sin avfallskalender for Lærdal.
Miljøstasjon
SIMAS har miljøstasjon der innbyggjarar kan levere større avfallsmengder utanom ordinær avfallsordning.
Opningstider på miljøstasjon i Lærdal: Kvar tysdag 12.00-18.00 (Frå 1. mai til 1. september er det utvida opningstider til kl. 19.00).
Les meir om sortering av avfall til miljøstasjonen her .