Lærdalsøyri sett frå lufta
Lærdalsøyri sett frå lufta

Bustadar og tomter

Kommunen strekkjer seg frå Hemsedalsfjellet og Filefjell i aust til fjordgrender som Erdal, Vindedal og Frønningen i vest. Såleis kan ein bu både sentrumsnært eller i mindre tettbygde strok - og ein kan bu ved fjorden eller nær fjellområde med lett tilkomst. 

Spørsmålet er sjølvsagt kva som finst av tomter og bustadar. Her er ei oversikt over dei ulike delane av bygda og informasjon om kommunale tomter:

Borgund: Var eigen kommune fram til 1964 og strekkjer seg frå Hemsedalsfjellet og Filefjell opp til Seltun midt i dalen. Borgund har eit lite sentrum med daglegvarebutikk, pub & kafé, skule (med symjebasseng og gymsal), barnehage, ridebane og ballbinge. Elles er det spreidd busetnad i form av gardar og einebustadar.

Lærdal kommune har tomter som ligg nære Borgund sentrum til sals der råtomteprisen er kr. 0 - ein må berre betala anleggsbidrag. Les meir om dette på sida “Ledige tomter”.

Ljøsne: Utgjer ei knapp mil vestover frå Borgund. Det er daglegvarebutikk også i denne delen av kommunen og ein kafé med meir som opna i 2023. Også her er det spreidd busetnad med gardar og einebustadar, pluss at det er eit meir tettbygd bustadfelt - Saltkjelen.

Lærdal kommune har tomter i Saltkjelen, les meir om dette på sida “Ledige tomter”.

Voll-Tønjum-Håbakken-Eri: Utgjer vel fem kilometer av dalen før ein kjem til dei sentrumsnære områda austfrå. På Håbakken like ved munningen av Lærdalstunnelen ligg eit næringsområde med mellom anna ein kafé, Felleskjøpet-butikk, butikk med kortreist mat og drikke og ein bilverkstad - det er også frisør på Håbakken. Som lenger oppe i dalen er det spreidd busetnad med gardar og einebustadar.

Det er per april 2023 ikkje ledige kommunale bustadtomter i området, så her må ein sjå etter moglegheiter i den private marknaden.

Lærdalsøyri: Om lag halvparten av innbyggjarane i Lærdal bur i og kring sentrum, Lærdalsøyri. Her er det to daglegvarebutikkar, fleire serveringsstader, ulike nisjebutikkar, frisør, fotpleiar, bensinstasjon og aktivitetstilbod - mellom anna. Tradisjonelt har det vore mest einebustadar i sentrumsområdet, men det har kome fleire leilegheitsbygg siste åra. 

Det er per april 2023 ikkje ledige kommunale bustadtomter i området, men det blir jobba med å få på plass fleire sentrumsnære tomter og tomteområde framover. Elles må ein sjå etter moglegheiter i den private marknaden.

Fjordgrendene: Det er fleire små grender langs Lærdalsfjorden - Erdal, Vindedal, Strendene og Frønningen. I alle desse grendene er det fastbuande - nokre få i Vindedal og på Frønningen, fleire på Strendene og i Erdal. Alle grendene ligg innanfor 15 minuttars køyring frå Lærdalsøyri, med unntak av Frønningen, som ikkje har vegsamband.

I fjordgrendene må ein sjå etter bustadmoglegheiter i den private marknaden.

Lokala til Sogn frukt og Grønt, Sognasmak og Felleskjøpet på Håbakken.
Lokala til Sogn frukt og Grønt, Sognasmak og Felleskjøpet på Håbakken.

Arbeidsplassar og næring

Lærdal er ein kommune med eit blanda næringsliv - her er det i all hovudsak små og mellomstore bedrifter. 

Blant bransjane i det private næringslivet som sysselset flest kan nemnast entreprenør og maskin, transport, energi og kraftverk, landbruk, reiseliv og bransjar tilknytt dette (som butikk, handel og servering). Spesielt innan landbruk og reiseliv er det mange sesongbaserte arbeidsplassar. Er du ute etter jobb i det private næringslivet i Lærdal, sjekk stillingsportalar som Finn.no og Nav.no

I offentleg sektor er det to store arbeidsgjevarar. Lærdal kommune driftar kommunale tenester innan mellom anna helse og omsorg, oppvekst, tekniske tenester og kultur - sjå Lærdal kommune sin stillingsportal for ledige stillingar

Den andre store arbeidsgjevaren er Lærdal sjukehus, lokalsjukehuset for Indre Sogn. Ledige stillingar på Lærdal sjukehus finn du på Helse Førde sin stillingsportal

Har du ein jobb som du kan ta med deg til Lærdal, og ønskjer kontorplass i eit arbeidsfellesskap? På Lærdalsøyri har FUS Sogn kontorplassar i same bygning som kulturhuset, villakssenteret, Laksen bakeri & kafé og Sogn kunstsenter. På Borgund er det kontorplassar på Borgund servicesenter like ved sentrum, sjekk ut deira Facebookside.

Ønskjer du å skapa eller vidareutvikla di eiga verksemd? Lærdal kommune har eigen næringsrådgjevar som kan rettleia deg om du vil vita meir om tilskots- og låneordningar, kurs og kompetansehevande tilbod, nettverk mot ulike kompetansemiljø etc; sjå vår side om næring her

Lærdalsøyri skule
Lærdalsøyri skule

Born, ungdom og oppvekst

Det er to barnehagar og to skular med skulefritidsordning (SFO) i kommunen. Lærdalsøyri barnehage og Lærdalsøyri skule ligg like ved kvarandre, og tilknytt Lærdal stadion, idrettshallen og symjebassenget. Lærdalsøyri skule har heile grunnskulen frå 1. - 10.klasse.

Borgund barnehage og Borgund skule ligg også like ved kvarandre i Borgund sentrum. Skulen har 1.-7.klasse, så elevane går ungdomsskulen på Lærdalsøyri skule.

Det er full barnehagedekning i Lærdal kommune, ved å trykkja på denne lenkja til oppvekst sine sider kan du søkja om barnehageplass. I periodane 15.august – 1. november, og 1. januar – 1.mai er det løpande opptak dersom det er ledige plassar. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. februar. 

Om du skal flytta til Lærdal i skuleåret og har born i skulealder finn du informasjon om korleis du går fram på denne sida under Oppvekst.

Det er vedteke å investera mykje i skulane og barnehagane i Lærdal dei komande åra. Borgund skule skal byggjast om og på og gjerast om til eit oppvekstsenter som rommar både barnehagen og skulen. Lærdalsøyri skule skal gjennom ei større oppgradering og det er gjort og skal gjerast fysiske tiltak ved Lærdalsøyri barnehage også.

Lærdal kommune driftar også kulturskulen - som har eit mangfaldig tilbod - og Kosen ungdomsklubb for 13.-18.åringar. 

For informasjon om skulane, barnehagane, SFO, kulturskulen, ungdomsklubben og andre kommunale tenester tilknytt born og unge - sjå Oppvekst sine sider.

Det er også ulike andre fritidstilbod retta mot born og unge i regi av både kommunen og organisasjonar - sjå kultur og fritid sine sider

Lærdal bu- og omsorgsheim
Lærdal bu- og omsorgsheim

Helsetenestene, pleie og omsorg

Tenestene innan helse og omsorg er godt utbygde i Lærdal - mellom anna fordi lokalsjukehuset for Indre Sogn ligg i kommunen.

Når det gjeld den kommunale helsetenesta rommar Lærdal helsesenter, som ligg i sentrum, fastlegetenesta, fysio- og ergoterapi, helsestasjon og jordmor samt frikslivssentral. I tillegg er Sogn lokalmedisinske senter med mellom anna felles legevakt og legevaktsentral for Lærdal og nabokommunar lokalisert til Lærdal sjukehus.

Desse tenestene les du meir om på helse sine sider.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehuset i Indre Sogn og ligg i randsona av sentrum. Sjukehuset er drifta av Helse Førde, les meir på deira nettsider.

Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO) ligg i same området som Lærdalsøyri barnehage og Lærdalsøyri skule. I tillegg til sjukeheimsplassar rommar LBO mellom anna eiga demensavdeling, dagaktivitetstilbod, omsorgsbustadar og er base for heimehjelp og heimesjukepleie. 

Dei kommunale tenestene innan psykisk helse og bu og miljø har også tilbod i same området - som Aktivitetshuset og Doktarheimen. 

Kommunen har også eigen frivilligsentral som mellom anna driv bruktbutikken Lærdal brukthjørna i sentrum.

Dei ulike tenestene innan pleie og omsorg, psykisk helse og bu og miljø les du meir om på Helse og omsorg sine sider.

Folkehav under Jordeplerock
Folkehav under Jordeplerock

Kultur, arrangement, aktivitetar og fritid

Festivalar, marknadar, terrengløp, biltreff og småarrangement no og då - Lærdal har mykje å tilby på denne fronten. Det finst ein eigen aktivitetskalender her på Lærdal kommune si nettside der du kan halda deg oppdatert på kva som skjer.

Det blir også lagt ut mykje om aktivitetar på Facebooksida “Kva skjer i Lærdal”.

Av større, årvisse arrangement i bygda kan mellom andre desse nemnast (lenkjer til nettsider og Facebooksider):

Lærdal kommune driftar dessutan kinoen i bygda, det er folkebibliotek på Lærdalsøyri skule og ulike former for idrettsanlegg fleire stader i kommunen. Mellom anna kan nemnast: Lærdal idrettshall, Lærdal stadion med to fotballbaner og løpebane, skøytebane, klubbhus med innandørs skytebane, klatrepark for born, ballbingar både på Lærdalsøyri, Ljøsne og Borgund, der det også er køyre- og ridebane. Nokre av desse anlegga er kommunale, andre er eigde av lag og organisasjonar - som Lærdal idrettslag.

Vidare er det mange kultur- og naturattraksjonar i bygda - som Gamle Lærdalsøyri, Borgund stavkyrkje og Kongevegen over Filefjell. 

Det skal også nemnast at lagsaktiviteten er stor - bygda har alt frå kor, musikklag og fleire danselag via husflidslag, ungdomslag og ulike fritidsklubbar til skyttarlag, 4H og Røde Kors. I den samanheng kan også dei nesten uavgrensa turmoglegheitene i bygda nemnast - om det er til fots i bratte fjellsider, i flatt fjellende eller på ski i oppkøyrt løype; her er aktiviteten til Lærdal turlag absolutt verdt å sjekka ut.

Eit overblikk over det ovannmende finn du på sidene “kultur og fritid”