Styrken består av 18 mann: ein brannsjef, fire utrykkingsleiarar og tolv brannkonstablar (alle i deltidsstillingar).

I tillegg har Lærdal kommune ein deltidsstilling på brannførebyggande arbeid.

Lærdal Brann og Redning er delt i to arbeidsfelt:

  • Brannførebyggande arbeid
  • Utrykning ved brann og ulukker

Brannførebyggande arbeid

Lærdal Brann og redning utfører brannsyn av særskilde brannobjekt (skular, hotell, sjukeheim o.l) samt:

  • sakshandsaming ved søknader om oppbevaring av brannfarlige og eksplosive varer
  • brannteknisk byggesakshandsaming
  • feiing av piper og kontroll med eldstader
  • opplæring av brannvernansvarlege/brannvernleiarar
  • brannvernopplæring vert gitt til skuleelevar, barnehagar, helsepersonell. 
  • kurs/informasjonsarbeid
  • Me hjelper til der me kan ved førespurnad

Utrykning ved brann og ulykker

Lærdal Brann og Redning skal på kort varsel rykkja ut ved brann, trafikkuhell og andre akutte hendingar. Brannvesenet har ikkje kasernert vakt, men er basert på utkallingsmannskap som er tilsett på deltid.