Undervisninga er fyrst og fremst retta mot barn og unge, men er også open for vaksne når tid og ressursar tillet det. I menyen finn du ei oversikt over dei ulike tilboda.

Me jobbar og med å utvide tilboda i kulturskulen vår, og vil gjerne høyre frå deg med dine ynskje. Bruk då kontaktinformasjonen under.

Kulturskulen har undervisning 37 veker i året og følger elles skuleruta m.o.t. feriar. Normalt skjer inn- og utmelding i slutten av mai, men ein kan også søkje seg inn ved nytt kalenderår.

Eigenbetalinga for dei ulike tilboda står under dei ulike tilboda. Det er 25% syskenmoderasjon og det er vedteke at ingen familiar betalar for meir enn to fulle plassar. 

Innmelding, oppseiing og endring skal gjerast elektronisk i skjema som du finn ved å klikka her.

Følg gjerne Lærdal kulturskule på facebook