Lœrdal kulturskule tilbyr undervisning i drama/teater. I timane våre jobbar me med ulike former for teater og drama, som improvisasjon, skodespel, og arbeid med karakterar. I slutten av kvart semester er målet å ha ei framsyning for publikum, der me anten tek utgangspunkt i eit manus, eller noko me har skreve eller improvisert fram sjølv.

Lærar: Ingrid Zwart

Elevavgift: kr. 1700,- pr. semester