arealdelen

Ny Kommuneplan - arealdel

Kommunen har lenge arbeidd for å få utarbeida ny arealdel i kommunen. 

Ny arealdel i kommuneplanen vart vedteken i kommunestyret 5. september 2023 - du kan lesa den politiske saka og vedtaket ved å klikka her. 

Etter vedtaket er det jobba med å implementera vedtekne endringar i planen, så sjølve plandokumenta blir tilgjengelege under Vedtekne planar (Klikk her for å koma til denne sida)  så snart dette er ferdigstilt.  

Om prosessen

Det har vore eit krevjande arbeid, då gjeldande arealdel var svært utdatert. Norconsult har utarbeida framlegg til ny arealdel i kommunen, etter innspel frå grunneigarar, lag og organisasjonar, politikarane, administrasjonen og andre.

Framlegget har vore ute til offentleg ettersyn, og det kom i høyringsperioden inn mange innspel. Det kom og inn motsegner frå offentlege myndingheiter, noko som gjorde at kommunestyret ikkje kunne vedta planen før ein hadde vore i dialog med dei offentlege myndigheitene om momenta i planen som dei gjekk imot. 

Kommunedelplan for Naturmangfald

Lærdal kommune har vedteke å starta opp med utarbeiding av kommunedelplan for Naturmangfald. Planprogrammet finn du her.

Det er Utval for miljø og samfunnsutvikling som er styringsgruppe for planarbeidet. Landbrukssjef Magnhild Aspevik er ansvarleg for utarbeiding av planen, i samarbeid med Miljøfagleg Utredning. 

Det er eit mål å få planen godkjend i fyrste halvdel av 2024. Nyhende om arbeidet med kommunedelplan for Naturmangfald finn du ved å klikka her.

Urterikt beite

Tiltaksplan for Næring

I utgangspunktet vart det vedteke i planprogrammet at det skal lagast ein eigen Kommunedelplan for næring, men dette har politikarane gått vekk frå – i staden skal det lagast ein tiltaksplan. På nyåret 2024 vart det arrangert innspelsmøte med næringslivet og planen blir arbeidd med frametter. 

Kommunedelplan for Oppvekst

Planprogrammet for Kommunedelplan for Oppvekst vart vedteke av kommunestyret 20. oktober 2022, ved å klikka her kjem du til saksdokumenta. Sjølve planprogrammet finn du ved å klikka her. 

Kommunedelplan for Trafikktryggleik

Planprogrammet for Kommunedelplan for trafikktryggleik vart vedteke i kommunestyret 15. februar 2024. Du kan opna planprogrammet ved å klikka på denne lenkja, og du kan sjå sakspapira ved å klikka på denne lenkja. 

Reguleringsplan for Grandane

Denne planen skal omfatta området frå strandsona på Lærdalsøyri og austover til Nasjonalt villakssenter. 

Prosjektet Lærdal fjordfront der ein ønskjer å etablera eit småbathamnanlegg har vore sentralt i arbeidet, etter kvart også området for utbyggingsprosjektet Grandane park og området der Nasjonalt villakssenter/Øyraplassen 14 ligg. 

Planprogram er vedteke, og det vart vedteke ei utviding av planområdet i juni 2021. Denne saka og planprogrammet kan ein finna ved å klikka på denne lenkja.

Reguleringsplan for golfbane og masseuttak, Sløgrandane

Detaljreguleringsplan for Sløgrandane med ny golfbane og utvida masseuttak vart vedteke av kommunestyret i Lærdal 11. august 2022. 

Her var det motsegner frå Statsforvaltaren som ikkje vart teke til følgje, og difor er saka oppe til endeleg avgjerd hjå Kommunal- og distriktsdepartementet, der den har liggje sidan.

Du kan lesa saka og sakspapira frå slutthandsaminga i kommunestyret i august 2022 ved å klikka her.

Reguleringsplan for masseuttak i Koparhola, Nordre Bjørkum

Statens vegvesen har utarbeidd framlegg til detaljregulering for å plassere overskotsmassar frå oppgradering av Lærdalstunnelen i Koparhola på Bjørkum. 

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn av Utval for miljø 8. februar 2024, og ein kan lesa sakspapira ved å klikka her.
 

Reguleringsplan for rasteplass Røyrnes

Nasjonale Turistvegar har sendt planinitiativ til kommunen for å starte opp planarbeid for etablering av nytt stoppepunkt/rasteplass langs turistveg Aurlandsfjellet på Røyrnes.

Planinitiativet kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja  

Saka i kommunestyret i desember 2022 der oppstart av planarbeid vart vedteke kan ein lesa ved å klikka på denne lenkja.  

Detaljregulering for verneområdet og buffersona på Lærdalsøyri

Det er behov for å utarbeide eit meir detaljert, konkret og oppdatert planverktøy for handsaming av saker og forvaltning av verneområdet på Lærdalsøyri. 

Difor vedtok kommunestyret 15. februar å starta planprosess for revidering av reguleringsplan for verneområdet, du kan lesa sakspapira ved å følgja denne lenkja.

Reguleringsplan for fv. 271 Sjukehusvegen

Vestland fylkeskommune har sett av midlar i handlingsprogrammet til bygging av fortau langs fv. 271 Sjukehusvegen i Lærdal. Som ledd i dette vil dei bytte ut eksisterande Øye bru over Lærdalselvi.

Kommunestyret vedtok oppstart av planprosess 16. mai 2023, du kan sjå sakspapira ved å følgja denne lenkja.