Legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland

Legevakta for desse tre kommunane er felles, og lokalisert til Lærdal Sjukehus i 1.etasje.
Kommunane vil samarbeide om vaktberedskapen, og lege i vakt vil vere til stades på sjukehuset ettermiddag etter kl. 15.30, på nattetid og i helgene. I kontortida har den einskilde kommune legevakt som før.  

Dersom ein har behov for legehjelp utanom vanleg kontortid er oppmøtestad altså Lærdal. Lege vil framleis kome heim til pasienten dersom dette er naudsynt.

Felles legevaktsentral

Gjennom samarbeidsprosjektet Sogn Lokalmedisinske Senter har dei seks kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal og Vik gått saman om å etablere ein felles legevaktsentral lokalisert til Lærdal Sjukehus.

Ein legevaktsentral er ein telefonsentral som handterar henvendelsar til legevakt. Det vil seie at dersom ein treng helsehjelp, og ikkje kan vente på time hjå fastlege, skal ein ringe legevakta, og kjem då til legevaktsentralen lokalisert til Lærdal. 

Ved legevaktsentralen jobbar det sjukepleiarar, og dei har opplæring i å handtere slike henvendelsar. Dei har og hjelpeprogram og oppslagsverk som dei nyttar for å kunne gje så rett hjelp som mogeleg. 

Dersom ein har ringt legevaktsentralen vil ein kunne få råd og rettleiing, få formidla kontakt med lege, eller samtalen vert overført til AMK-sentralen dersom det er akutt behov for helsehjelp.