Personvernerklæringa skal gje tryggleik og tillit til at personopplysningar vert handsama korrekt og sikkert i Lærdal kommune.  Du har rett til innsyn, og kan ta kontakt med dei ulike avdelingane våre, og be om informasjon om kva personopplysningar vi har om deg, kva dei skal nyttast til og kvar dei er henta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.
 
Kommunedirektøren i Lærdal kommune Gunn Lerøy er ansvarleg for kommunen sin behandling av personopplysningar. Det daglege ansvaret er delegert til kommunens virksomhetsleeiare og/eller IKT-systemeiere. 
 
Personvernombod i Lærdal, Sogndal og Årdal kommunar er felles
 
Du kan kontakta ombodet på telefon eller e-post
 

Personvernerklæring

 
Kva er personopplysningar?
 
Personopplysningar er all informasjon eller vurderingar som kan knytes til deg som enkeltperson.  All behandling av personopplysningar er regulert av personopplysningsloven. Denne loven skal ivareta ditt personvern gjennom å sette krav til hvordan slike opplysningar skal behandlast.
 
Dette kan for eksempel være namn, identifikasjonsnummer, fødselsdato, telefonnummer, adresse, bildar, e-postadresse, opplysningar om finansielle forhold, mv. 
 
Kva er sensitive personopplysningar?
 
Personvernregelverket skiller mellom personopplysningar og særlege kategoriar av personopplysningar (tidlegare kalt sensitive personopplysningar). 
Særlege kategoriar personopplysningar er opplysningar om 
rase messig eller etnisk opprinnelse 
religion
helseopplysningar
seksuelle forhold eller orientering
politisk oppfatning
filosofisk overbevisning
fagforeningsmedlemskap
genetiske og biometriske opplysningar. 
Slike særlege kategoriar personopplysningar krever et ekstra vern. 
 
Grunnleggande personvernprinsippar
 
All behandling av personopplysningar i kommunen skal skje basert på grunnleggande personvernprinsippar. 
 
Kommunen skal behandle personopplysningar om deg:  
lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit 
basert på tydeleg definerte formål 
på en måte som begrenser innsamlinga til det som er nødvendig  
på en måte som gjør at desse ikkje lagres lengre enn det som er nødvendig eller pålagt 
konfidensielt og beskyttet mot utilsikta endring 
på en tilgjengeleg måte 
på en måte som sikrar at de holdes oppdaterte 
på en ansvarleg måte for å sikre at personvernet ditt blir ivaretatt 
 
Kvifor og korleis samlar kommunen informasjon om deg?
 
Formålet med innhenting 
Lærdal kommune behandlar personopplysningar når kommunen skal tilby kommunale tenester og/eller utføre lovpålagte oppgåver, samt for å kunne saksbehandle henvendelser fra deg. Dette kan være kontaktopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse samt opplysningar som er nødvendig for å identifisere deg, som t.d. fødselsnummer eller informasjon om kjønn og statsborgarskap. Kommunen kan trenge opplysningar om din relasjon til andre, for eksempel namn på din ektefelle, samboar, barn og / eller sivilstatus eller opplysningar knytet til de tenestene du som innbyggar benytter, eksempelvis barnehage, skole, byggesak, renovasjon og / eller helsetenester  
 
Vi samlar t.d. inn personopplysningar når du har:
bedt om innsyn
meldt deg på eit kurs eller eit seminar
sendt oss ei melding eller søknad
motteke eller sendt brev til Lærdal kommune
eller abonnerer på nyheitene våre
 
Korleis me hentar?
 
Vi får opplysingane frå deg t.d. gjennom søknadar om kommunale tenester, søknad om arbeid og e-post eller brev du sender til oss. Informasjonen vert nytta når vi yter deg tenester. Viktig informasjon om t.d. helsa di kan, dersom det er behov for det, sendast vidare til sjukehus. Sjukehuset vil også sende helseinformasjon om deg tilbake til kommunen når du er ferdig med behandlinga der.
 
Lagring og deling av dine personopplysningar
 
Kor lenge lagrar me personopplysningane?
Kommunen lagrar personopplysningar om deg så lenge det er naudsynt for å oppnå det formålet personopplysningane blei samla inn og behandla for. Det betyr at personopplysningar me behandla for å oppfylle lovpålagte plikter vert lagra så lenge lovheimelen krever det. For eksempel kan bestemmelser i arkivlova påverke hvor lenge personopplysningar om deg blir lagrett. Dersom kommunen behandlar personopplysningar om deg med grunnlag i ditt samtykke, vil vi slette opplysningane om deg hvis du trekker tilbake samtykket eller i tråd med den tid samtykket er avtalt å gjelde for.
 
Overføring internt i EU/EØS
 
I noen tilfeller blir dine personopplysningar overført til eksterne mottakar. Dette vil typisk være til andre offentlege virksomheter, som for eksempel NAV, ulike sykehus, Utdanningsdirektoratet, Skatteetaten, med flerre. I tilfeller der vi deler personopplysningar med andre offentlege virksomheter, skjer det som oftast fordi vi er pålagt å gjøre det gjennom lov eller forskrift.  
Lærdal kommune bruker også eksterne leverandørar til å levere ulike systema og tenester til kommunen, og dine personopplysningar kan bli behandla i slike systema. I mange slike tilfeller vil den eksterne leverandøren ha tilgang til opplysningane dine. Kommunen inngår alltid godkjent databehandleravtale med sine eksterne leverandørar, som regulerer behandlinga av personopplysningar og sikkerheita rundt behandlinga for å sikre at personvernet blir ivaretatt. 
 
Overføring ut av EU/EØS
 
I noen tilfeller vil personopplysningar bli overført ut av EU/EØS, til såkalte tredjeland. I slike tilfeller skal gyldig overføringsgrunnlag foreligg. Når det gjeld sosiale medier likt og Facebook eller Twitter eller bruk av analyse verktøy likt og Google Analytics er dessverre ikkje mogleg for kommunen å garantere at tredjepart ikkje loggar desse opplysningane. Derfor begrenser Lærdal kommune bruk av sosiale medier og kontrollerer nøye hvilken type informasjon legges ut på vegne kommunen. 
 
Rettsleg grunnlag for behandling av dine personopplysningar
 
For at Lærdal kommune skal kunne levere kommunale tenester til deg, kan det vere naudsynt å handsame personopplysningar. For at handsaminga av personopplysningar skal vere lovleg, må det ligge føre eit behandlingsgrunnlag.  
 
Kommunen er ofte lovpålagt å tilby tenester til sine innbyggar, og det er i dei fleste tilfeller lover med forskrifter som utgjer det rettslege grunnlaget for å behandle dine personopplysningar.  
Her er nokon sentrale lover som regulerer kommunens behandling av personopplysningar (ikkje uttømmande):  
Personopplysningslov med forskrifter og tilhøyrande personvernforordning.  
Offentleglova
Barnevernlova
Forvaltningslova 
Arkivlova
Kommunelova
Regnskapslova
E-kom lova 
 
Må kommunen ha ditt samtykkje for behandling av dine personopplysningar?
 
I tilfelle der kommunen ynskje å behandle personopplysningar om deg utan at kommunen har heimel i lova, kan kommunen be om ditt samtykkje til behandlinga. I slike tilfelle vil du bli informert om kva behandlinga går ut på og aktivt bli bedt om å samtykkje til behandlinga. Samtykket ditt skal være friviljugt og du kan når som helst trekkje tilbake samtykkjet.
 
Kommunen bruker kun samtykkje som behandlingsgrunnlag når den ikkje har eit anna rettsleg grunnlag for behandlinga av personopplysningane. Dette vil til dømes vere tilfelle når kommunen sender ut spørjeundersøkingar.
 
 
Informasjonskaplar (cookies)
 
Når du bruker nettsida til Lærdal kommune, legg nettlesaren din att elektroniske spor og informasjon. Me bruker informasjonen til å forbetra innhaldet på nettsidene, og dei kommunale tenestene.
 
Ifølge Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova), må alle besøkande på ein nettstad få vita om nettstaden nyttar informasjonskapslar. Dei må og ha tilgang til informasjon om årsaka til at desse blir nytta. Besøkande må samtykkje til at informasjonskapslar blir brukt. Dette vert godkjent gjennom innstillingar i nettlesaren.
 
Merk deg at om du ikkje godkjenner dette, vil du kanskje ikkje kunne bruka alle funksjonane på denne nettstaden. Ved å bruka denne nettstaden, samtykkjer du til behandling av data om deg, til dei føremål som er lista opp under. 
 
Informasjonen som informasjonskapslane hentar inn, bruker me for å gjera brukaropplevinga betre. Informasjonen blir berre brukt internt og hjå samarbeidspartnarar som jobbar med nettutvikling for oss.
Me bruker ikkje informasjonskapslar for å kartlegga enkeltbrukarar, eller samla anna informasjon som vil kunna krenka personvernet. 
 
Kva gjer informasjonskapslar?
 
Ein informasjonkapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verte send frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.
 
Informasjonskapsler blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som brukas til forbetring av nettsidene.
 
Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) trådde i kraft 1. jul 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den sokalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).
Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr. 
 
nettvett.no kan du lesa om korleis du stiller inn nettlesaren for å godta/avvisa informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett.
Korleis tar me vare på dine personopplysningar?
Kommunen har plikt til å sørgje for at dine personopplysningar behandlast på en sikker måte. Lærdal kommune beskyttar opplysningane på forskjellige måter, for eksempel gjennom tilgangskontroll, brannmurar og jevnleg opplæring av våre tilsette. Kommunen har i tillegg beredskapsplanar som skal bidra til å begrense eventuelle skader dersom noe skulle gå galt.  
Kommunens tekniske sikkjerheitsløysning skal sikre at:  
Uvedkommande ikkje får tilgong til opplysningane dine
Opplysningane om deg er tilgjengeleg når det er behov for dei
Opplysningane ikkje kan endrast eller manipulerast etter at de er registrert
Organisasjonen og systemene er motstandsdyktige, og evner å gjenopprette normaltilstand raskt ved uventede hendelser 
Alle tilsette i Lærdal kommune er underlagt lovbestemt teieplikt. Det er kun tilsette som jobbar med saken din som har tilgang til dine opplysningar.
 
Kva rettigheiter har du?
 
Innsyn i eigne personopplysningar
 
Du kan be om innsyn i kva opplysningar me har lagra om deg. Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.
Spørsmål om innsyn i personopplysningar
Kan sendast på e-post til post@laerdal.kommune.no 
Hugs å ikkje skrive sensitive opplysningar i e-posten.
 
Du kan og sende brev til vår postadresse:
Lærdal kommune
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Merk konvolutten med «Innsyn i personopplysningar».
Du kan og ta kontakt med personvernombodet vårt.
Retting av personopplysningar
Dersom kommunens opplysningar om deg ikkje er korrekt, har du rett til å få dei korrigert. Det gjelder og om kommunen ikkje har komplette opplysningar om deg. 
 
Sletting av personopplysningar
Du kan ha rett til å få slettet opplysningane om deg sjølv. Om du meinar kommunen behandlar informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen blir slettet. Dette gjelder ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i henhold til annan lovgiving, for eksempel arkivlova. 
Les meir om retten til sletting: Datatilsynets nettsider om rettigheten og personvernforordningen artikkel 17 
 
Avgrensing av behandling av personopplysningar
I visse tilfeller kan du kreve at behandlinga av dine personopplysningar blir begrenset. Dette kan for eksempel skje om du mener at personopplysningane dine ikkje riktige, og det vil ta tid for kommunen å vurdere dette. 
 
Begrensning av opplysningane inneberer at personopplysningane som samlast inn ikkje lenger kan behandlast, men fortsatt lagres, inntil vurderinga av kva som skal gjøres med personopplysningane er fullført, og eventuelle nødvendige handlingar, for eksempel å rette personopplysningane, er gjennomført.  
 
Dataportabilitet
For enkelte behandlingar kan du ha rett til dataportabilitet. Det vil si at du kan krevje å få overført personopplysningar frå Lærdal kommune til nokon andre. Denne rettigheita har likevel fleire unntak. Retten gjeld blant annet ikkje om kommunen behandlar personopplysningane dine for å utføre ein oppgåve i allmennheitas interesse eller kommunen utøver offentleg myndigheit. 
 
Les meir om retten til dataportabilitet: Datatilsynets nettsider om rettigheten og personvernforordningen artikkel 20 
 
Protester mot ei handsaming av personopplysningar
Du kan protestere på at kommunen behandlar opplysningar om deg. Retta din gjelder ikkje i de tilfelle kommunen behandlar personopplysningar om deg for å utføre ein avtale du har med oss, eller om kommunen er pålagt gjennom lov å behandle opplysningane.  
 
Les meir om retten til å protestere: Datatilsynets nettside om rettigheten og personvernforordningen artikkel 21
 
Klage
Du kan klage til Datatilsynet hvis du ikkje er fornøgd med hvordan kommunen behandlar dine personopplysningar, eller du mener behandlinga strider med personvernreglene. Informasjon om hvordan du går frem for å klage finner du på nettsidene til Datatilsynet.
Personvernombodet i Lærdal kommune kan kontaktes for bistand