Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) er eit nasjonalt kompetansesenter på bygningsområdet som kan gje rettleiing om tiltaket ditt er søknadspliktig, om krav til  søknadsprosessen, gje tilgang til skjema (digitale og manuelle) og informasjon om forskrifter.

Om byggjeløyve og reguleringsplanar

Det er viktig å væra klar over at føresegner i lokale reguleringsplanar kan gjera at tiltak som normalt ikkje er søknadspliktige, kan bli det når reguleringsplan til dømes gjev løyve til maks storleik på garasje som ikkje er i tråd med reglar om fritak for søknadsplikten. 

Reguleringsplanar set og ulike avgrensingar på kva som er lov å byggje i ulike område, som for eksempel at det ikkje er opna for å byggja garasje eller sette opp gjerde i hyttefelt uansett storleik eller høgde. Det er søkjar sitt ansvar å sjekka ut reguleringsplan og om tiltaket er i tråd med den.

Førehandssamtale for byggjesaker

Det vert rådd til å avtale førehandssamtale for byggesaker (tiltak) som ikkje er enkle tiltak. Dette kan spara deg for planleggingskostnader og effektivisera søknadsprosessen din.
Du vil få informasjon om:

  • Krav til byggesøknaden
  • Krav til planleggjar og utførande
  • Krav til eventuell høyring hjå regionale mynde
  • Informasjon om reguleringsplan og føresegner

Søknadsprosessen

Alle søknader skal stilast til Lærdal kommune (post@laerdal.kommune.no). Søknader som ikkje krev dispensasjon vil normalt verta handsama og svart ut administrativt. Søknad om dispensasjonar vert handsama i utval for Miljø og samfunnsutvikling i Lærdal kommune. Ved søknad om dispensasjon er det krav at denne vert godt begrunna for at kommunen kan handsama søknaden.

Det kan vera naudsynt å senda søknad til uttale hjå regionale mynde. Kommunen vil då informera om kva mynde søknaden er sendt til uttale hjå og om forventa sakshandsamingstid. Uttale frå regionale mynde er normalt sett retningsgivande for kommunen sitt vedtak og regionale mynde har klagerett på kommunen sitt vedtak.

Byggjetilsyn

Alle kommunar er pålagd å utføre byggjetilsyn, for å sikre at alle bygningar og byggjetiltak etter Plan- og bygningslova vert oppførd lovleg og sikkert, av kompetente verksemder, og i tråd med løyver som er gjeve. 

Byggjetilsynet kan skje i alle delar av ein byggjesak, både før, under og etter ei byggjesak, og kan og vera kontroll av ansvarsrettar/kompetanse, store- og små byggjeprosjekt, ikkje omsøkte tiltak, meldingssaker osv. 

Lærdal kommune har i nokre år hatt avgrensa kapasitet til å drive byggjetilsyn, og har difor no engasjert Sogn Brann og Redning til å utføre byggjetilsyn for kommunen. Tilsyna vert ei blanding mellom tilfeldige stikkprøvar og innmeldte saker frå kommunen etter prioritert liste.  Prioriteringar vert gjort slik:

1. Saker med mogleg fare for liv og helse, miljø og sikkerheit
2. Ulovlege tiltak
3. Tilsyn før bruksløyve/ferdigattest
4. Føretak med gjentekne manglar i søknadsprosessen.
5. Tilgjengelegheit
6. Fylgje opp vilkår i løyve
7. Avlaupsanlegg
8. Universell utforming i offentlege/publikumsbygg

Det vil bli utførd byggjetilsyn både for bustadar, fritidsbustadar, næringsbygg og anna, og byggjetilsynet kan og utføre kontroll av massedeponi/-uttak, ureiningssaker m.m. Byggjetilsynet vil ha ulike fokusområder som verneområdet på Lærdalsøyri, tiltak i Lærdalselva, tiltak i strandsona m.m. men tilsyna vil over tid føregå i heile kommunen. 

Er du usikker på om eit tiltak du har gjennomførd er lovleg, i tråd med løyver eller ikkje søkt om?  Ta gjerne kontakt med oss på Plan og forvalting så snart som råd, så kan me bistå i vurderingar og eventuelle naudsynte søknadsprosessar. I ein del tilfelle kan ein løyse sakene før det vert tilsynssaker og mogleg ulovlegheitsoppfølging, og kommunen er oppteken av det førebyggjande arbeidet med rådgjeving, informasjon og rettleiing.