Grensepåvisning utan oppmålingsforretning:

Korleis gå fram?
Grensepåvising blir utført av kommunen, ved kart- og oppmålingsavdelingen. Bestillinga skal innehalde ei skildring som tydeleg viser kva punkt som skal setjast ut (kopi av målebrev eller kart som viser kva punkt som skal setjast ut).
Føresetnaden er at grensa må vere tidlegare oppmålt/koordinatfesta. Dersom dette ikkje er tilfelle, må oppmålingsforretning bestillast.

 

Grensepåvisning med oppmålingsforretning:

Omtale
Grensepåvising av ein eigedom sine grenser blir i hovudsak utført på eigedomar som har usikre grenser (ikkje koordinatbestemt). Dette skjer gjennom oppmålingsforretning der eigar / festar og aktuelle naboar blir innkalla til oppmålingsforretning. Grensemerka blir markerte i marka med offentleg godkjende grensemerker. Grensepåvising med oppmålingsforretning kan også nyttast for å påvise eksisterande sikre grenser viss rekvirenten ynskjer dette.

Vilkår
Målebrev (ikkje koordinatbestemt), skylddelingsforretning. Også for målebrev m/sikre grenser kan denne arbeidsoppgåva førekomme, viss rekvirent ynskjer påvising av grenser.
 
Klage
Viss det oppstår usemje om ei eigedomsgrense kan kommunen medverke til at partane blir samde.