For at feiinga skal bli utført pliktar huseigar å syta for at feiaren har tilstrekkjeleg tilgang til skorsteinen. Stigar, taktrinn og plattform skal vere godkjent og rett montert.

Huseigar må førebu feiinga

Alle bustader som er registrert som heilårsbustad eller fritidsbustad i kommunen, og som har tilkopla omn til skorsteinen, er pålagt feiing utført av kvalifisert personell.

For at feiing kan utførast må tilkomsten til og på taket vera i orden. Før feiing kan utførast, er det viktig at huseigar ser etter at alle opningar på eldstaden, samt sotluke er stengt. Dette for å hindre sotskade inne i huset.

Om ikkje feiaren har tilfredstillande tilgang til skorsteinen, og ikkje får utføre lovpålagte oppgåver, kan det føra til fyringsforbod på anlegget.

Tilsyn

Tilsyn minimum 4. kvart år omfattar:

  • Kontroll av eldstad, skorstein og tilkopling
  • Røykvarslarar, rømmingsvegar
  • Informasjonsarbeid

Fritak for feieavgift

Kommunen kan etter skriftleg søknad gi fritak frå å betale gebyr. Kommunen kan etter søknad gi fritak frå å betale gebyr dersom det ikkje er eldstad tilknytt røykkanalen (skorsteinen). 

Det må være fysisk skilje mellom eldstad og røykkanal (skorstein). Det er eigar, gjennom søknad om gebyrfritak, som er ansvarleg for å informere kommunen om at fyringsanlegget ikkje lenger er i bruk. Kommunen må godkjenne søknaden før gebyrfritak vert gitt. 

Eigar pliktar og å varsle kommunen om fyringsanlegget igjen blir teke i bruk. Om fyringsanlegget er teke i bruk utan at kommunen har vorte varsla, kan kommunen i etterkant fakturere gebyr.