Vi kan tilby gitar på mange måtar! Om du vil spele AC/DC eller Metallica, Taylor Swift eller ein god country-låt, fingerspel eller plekter, så har vi det dekka. Kanskje du vil lære å spele sologitar og stå på scena med eit band? Eller kanskje du berre vil lære deg nokre grep og spele for ditt eige selskap? Då fikser vi det
Lærar: Vemund Osland
Elevavgift: kr 1 700,- pr. semester

Vi kan tilby bassgitar til deg som ynskjer å meistre å spele pop, rock eller metall! Lær deg grep og å spele med plekter eller fingerspel. Vi speler gjennom eit variert repertoar av songar, der også dine songynskjer er med! Det vert fokus på samspel, og «jamming» til trommemaskin og backing tracks.  
Lærar: Vemund Osland
Elevavgift: kr 1 700,- pr. semester.