Avmerkinga syner tomteområdet
Avmerkinga syner tomteområdet

Ledige tomter på Borgund

Lærdal kommune har til salgs 10 bustadtomter i byggefelt like ved Borgund Sentrum. 7 av tomtene er regulert til einebustadtomter, medan det for 3 av tomtene er opna for tettare utnytting (f.eks. rekkehus). Tomtene for einebustadar er på 700 – 1150 m² og ligg i ein sørvendt helling rett nord for Borgund sentrum. 

Tomtene har ei fin beliggenheit rett ved servicefunksjonar i Borgund.  Det er ikkje søknadsfrist for desse tomtene, og tildeling skjer kontinuerleg etter søknadar kjem inn. 

Ta gjerne kontakt med kommunen om det er spørsmål kring tomtene, reguleringsplan, søknadsprosess osv.

Trykk på lenkane under for meir informasjon:

Reguleringsplan for Borgund sentrum (plankart)

Reguleringsplan for Borgund sentrum (føresegner)

Retningsliner for tildeling av kommunale tomter

Søknadsskjema tomtetildeling

 

Bustadtomt i Saltkjelen markert på flyfoto

Ledige tomter på Ljøsne

Lærdal kommune har til sals ei bustadtomt i det etablerte bustadfeltet Saltkjelen. 

Tomta er ferdig regulert til bustadføremålet, er om lag 860 m2, og har tilgrensande utmarksområde på minst ei side. Området er solrikt, og med mange gode turmoglegheiter i nærmiljøet.  

Det er vedteke utviding av bustadfeltet mot elva med 20-23 nye tomter, som gjer til at det er planlagd nye attraktive møteplassar i bustadfeltet. E16 ligg i gåavstand med jamnlege bussavgangar vestover og austover. 

Det er ikkje lenger søknadsfrist for denne tomta, og tildeling skjer kontinuerleg etter søknadar kjem inn.  Ta gjerne kontakt med kommunen om det er spørsmål kring tomta, reguleringsplan, søknadsprosess osv.

Trykk på lenkane under for meir informasjon:

Reguleringsplan for Saltkjelen bustadfelt (plankart)

Reguleringsplan for Saltkjelen bustadfelt (føresegner)

Reguleringsplan for utviding av Saltkjelen bustadfelt (er ikkje gjeldande for denne tomta, men til informasjon)

Retningslinjer for tildeling av kommunale tomter

Søknadsskjema tomtetildeling

Tomtepris (rettleiande) for tomt i Saltkjelen (eksisterande bustadfelt):

Råtomtprisen (indeksregulert 2022): 187 kr per m2
Anleggsbidrag: 105 kr per m2

Priseksempel for tomt på 900 m2
Råtomtpris: 900m2 x 187 kr per m2 = 168 300 kr
Anleggsbidrag: 900m2 x 105 kr per m2 =94 500 kr
Kjøpesum: 262 800 kr for tomt på 900 m2.

Tomtepris vert indeksregulert ved tidspunkt for kjøp. I tillegg til ovannemnde, må kjøpar betale tilknytingsavgift (ca 12.000 +mva kr for VA) og dokumentavgift/tinglysing.