I 2024 innfører Lærdal kommune kvartalsvis fakturering for kommunale gebyr. Dette har ikkje noko å seia for totalsummen ein betalar (klikk her for å koma til prislista) – hovudårsaka er å dela opp utgiftene for innbyggjarane slik at det kjem fire mindre fakturaer i staden for to store fakturaer.

Fakturaen for første termin har forfall i mars (gjeld for 1.1-31.3), den neste i juni (gjeld for 1.4.-30.6), den tredje i september (gjeld for 1.7-30.9) og den fjerde i november (gjeld for 1.10-31.12). Unntaket er feiegebyr for fritidsbustader, denne kjem i tredje termin.  

Dei kommunale gebyra det her er snakk om, er feiing, vatn og avløp (vatn og avløp gjeld dei som er kopla til kommunalt vass- og avløpssystem). Eigen faktura for renovasjon og slamtømming kjem frå Simas.

Storleiken på kommunale avgifter er sett etter sjølvkostprinsippet. Altså er det ikkje noko kommunen tener pengar på, men ei fordeling av utgiftene med feiing, vatn og avløp.