Om ti år vil behovet for sjukeheimsplassar og heimetenester nesten vera dobla i høve i dag. No har Lærdal kommune 22 sjukeheimsplassar i 2033 vil behovet vera 38. Det er 70 brukarar av heimetenestene i dag, om ti år vil det vera 130.

Folkemøte

«Ny sjukeheimsdel ved Lærdal bu- og omsorgsheim vil bli planlagt og ferdigstilt i denne planperioden. Talet på plassar er enno ikkje avgjort, og det trengst både sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar. Mangelen på helsepersonell vil være ei stor utfordring for framtida».

Dette står innleingsvis i kommuneplanen for helse, omsorg og folkehelse for 2024 – 2034. 

Utifrå tematikken seier det seg sjølv at planen er svært viktig, og 9. januar frå klokka 18 til om lag klokka 20 kan lærdølene få innblikk i desse utfordringane, konsekvensar og moglege løysingar – altså hovudinnhaldet i planen. Då er det nemleg folkemøte om dette i kultursalen.

- Eldrebølgja vil prega lærdalssamfunnet. Sjølvsagt er eldrebølgja både eit nasjonalt og til dels globalt fenomen, men det er relativt store lokale variasjonar, seier seniorrådgjevar helse og omsorg, Åge Bøyum.

Dei lokale variasjonane kjem an på demografien, altså samansetnaden i befolkninga, og i bygde3r som Lærdal er det gjerne høgare snittalder enn i byane. 

Overvekt, fedme og psykisk helse

Men den flunkande nye planen, som no er på høyring, tek sjølvsagt føre seg meir enn eldrebølgja – dette står også innleiingsvis:

«Hovudfunna frå Telemarksforsking sin rapport er at ein har klårt meir overvekt og fedme blant unge i Lærdal , enn i gjennomsnitt for Noreg. Samt litt negativt utslag på psykisk helse blant unge, i samanlikning med gjennomsnitt for landet , og noko einsemd blant eldre.»

- Det er viktig at folk får stilla spørsmål om planen. Dei kan også koma med innspel i møtet. Difor håpar me mange møter opp, for å kunne møta desse utfordringane best mogleg, seier Bøyum.

Han sjølv, ordførar Audun Mo og kommunedirektør Gunn Lerøy er innleiarane frå kommunen si side, men det blir også musikkinnslag ved Grøttebøs (inkludert Tom Karlsrud) under folkemøtet 9. januar klokka 18 til om lag klokka 20 i kultursalen.