Det blir “Kåffikopp med ordførar og varaordførar” torsdag 14. mars klokka 18-20 i Servicesentralen på rådhuset. Som vanleg kan kven som helst koma og ta opp små eller store saker ein måtte ha på hjartet eller meina noko om med ordførar Audun Mo og varaordførar Janne Marie Reppen.

Det uvanlege er at det ikkje berre blir servert kåffi og Twist, men altså wienerpølser og Solo også. Ordførar Mo er vidare klar på at wienerpølser bør trekkjast i buljong, så slik skal det bli. Denne utvida “menyen” for å få eit påskepreg på tilstelninga vel ei veke før palmehelga.