Lærdal har rykte på seg for å vera solfattig, men i løpet av april kjem solstrålane krypande også over hustak som har lege i skuggeland eit drygt halvår. Dette må feirast!

I fjor vart “Lyse dagar i Lærdal” arrangert for første gong - næringsliv, kommunen og lag og organisasjonar stod for ulike aktivitetar over ei langhelg som vart ein flott vårfest.

Dette vart godt motteke, og difor blir det “Lyse dagar i Lærdal" også i år. Tre kveldar med ”Elvis - The musical" på Lærdal Showtheater, fagdag og ope kveldsarrangement i form av “Sirkulære Sogn”, gratis frukost i Rådhusparken, handelsdag i sentrum og Bornas kulturhusdag er berre noko av det som skjer i løpet av dagane torsdag 25. - søndag 28. april.

Sjå førebels program og meir informasjon om billettbestilling