Som støttekontakt, eller fritidskontakt, får du løn av kommunen for å hjelpa eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid.

​​​​​​Ein støttekontakt besøkjer ofte personar som ikkje kjem seg ut på eigahand, eller hjelper dei til å meistra ulike fritidsaktivitetar. Såleis vil ein laga eit opplegg som passar både støttekontakt og brukar - ein jobbar typisk nokre timar kvar veke.

Alle kommunar har ordning med støttekontakt/fritidskontakt - les meir om ordninga på Helse Norge sine nettsider ved å klikka her.

Krav til søkjar

  • Du må vera over 16 år
  • Du må leggja fram politiattest 
  • Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn. Du vil få opplæring og oppfølging av fagfolk. 
  • Du bør vera sosialt engasjert og ha evne til å finna på aktivitetar og finna glede i å hjelpa andre menneske. For å skapa stabilitet for brukaren, bør du kunne binda deg over ein lenger periode.

Kan dette vera interessant for deg? Ta kontakt med leiar for bu- og miljøtenesta i Lærdal, Hilde Lysne: