Dei smitta registrerer seg sjølv på ReMin , noko som ser ut til å fungera bra. Nokon av dei smitta vert testa med PCR (dei med 3 vaksinar vert ikkje testa). Registrerte på 
VG.no syner berre stadfesta smitte med PCR , noko som gjer at kommunen sine opplysingar er forskjellig frå VG sine. Nærkontaktar, familiemedlemmar eller tilsvarande nære treng ikkje å vere i isolasjon dersom dei testar seg jamleg. 

Sjølv om dette er eit betydeleg smittetrykk får det små konsekvensar. Mange av dei smitte er unge og mange er lite sjuke, ingen er smitta av bebuarane på våre institusjonar, og ingen ligg på sjukehus.

I beredskapssamanheng vert dette vurdert som scenario 1, som er det lågaste beredskapsnivået:
Lågt nivå på innleggingar og ingen betydeleg konsekvensar av smittespreiing for samfunnet