- På dei utvalde parsellane er det mykje historie, og mange omsyn ein må ta. Mellom anna det rike biologiske mangfaldet, fortel Camilla Grøttebø, rådgjevar oppvekst og kultur i Lærdal kommune.

Kommunen har ein driftsavtale for Kongevegen over Filefjell med Statens Vegvesen. Denne vart fornya no i 2023 og gjeld til 2027. Avtalen omhandlar skjøtsel på parsellane:

  • Seltun-Galdane-Sjurhaugen
  • Vindhella
  • Maristova-Kyrkjestølen

Det er altså desse parsellane kommunen har særskild ansvar for å skjøtta i samsvar med avtalen, ikkje heile strekninga av Kongevegen som ligg i Lærdal kommune. Dette går føre seg slik at kulturavdelinga utarbeider skjøtselsplan ved sesongstart og rapporterer i oktober til museal kontakt i Statens Vegvesen, ettersom dette er sårbare område som er viktige å ta vare på. Her skal også utvida vedlikehald rapporterast. Så er det tett samarbeid med teknisk drift, som utfører vedlikehaldet. 

- På våren skal det vera tilsyn med registrering av eventuelle skadar. Statens vegvesen er årleg med på synfaring på ein utvalt del. På registreringa skal stikkrenner opnast og kontrollerast, boss, stein og eventuelle tre skal fjernast frå vegen, forklarar Grøttebø.

- Gjer ein kjempejobb

Graset skal slåast første gong, og seinast, i løpet av juni – då blir det slått ein meter breidd i Galdane. Grunnen til at det ikkje blir slått breiare er for å ta best mogleg vare på det biologiske mangfaldet. Så blir det slått for andre gong etter frøing i august, då blir det slått heilt ut.

Elles har Lærdal kommune ansvar for å kontrollera alle grindene og bruene på lærdalssida årleg, pluss skjøtsel rundt husmannsplassen Galdane og hytta i Honningane; vidare å passa på bygningane her. Kommunen prioriterer også skjøtsel på Sverrestien og over Seltåsen. I tillegg gjer kommunen litt arbeid på andre delar av Kongevegen ved behov – det blir teke ein kontroll på lærdalssida årleg.

- Frivilligsentralen ved Anne Kristin Evensen og co gjer ein kjempegod jobb med å gå to turar årleg - vår og haust - over Filefjell. Dei rapporterer med bilete og kommentarar. I tillegg ser dei til hyttene på Honningane og i Galdane med jamne mellomrom.

Når det gjeld parsellen ved Galdane så vart det her bestemt fredning av Riksantikvaren før jul, etter kulturminnelova. Frå før er Vindhella-Sverrestien freda.

- Fredning er den strengaste forma for vern og betyr at inngripen eller endringar av det freda området, utover vanleg vedlikehald, må bli godkjent av myndigheitene, forklarar Grøttebø.

Eit anna tema i høve Kongevegen er toalettilhøva. Det finst fleire toalett tilknytt eller som er i nærleiken av Kongevegen, men berre eitt som blir reinhalde av kommunen.

- Dette vert plassert ved Rimskjold, altså parkeringa når ein skal gå Vindhella frå den sida, avsluttar Grøttebø.