Innbyggarane blir med dette invitert til orienteringsmøte 21. september i samband med byggjeprosessen av nytt oppvekstsenter på Borgund. 

Planlagt oppstart for bygginga er januar 2024, og det vil føre med seg at skulen vert flytta bort i samfunnshuset i Borgund. Samfunnshuset vil såleis ikkje vera tilgjengeleg for vanleg bruk/utleige i denne perioden. 

Kommunedirektør Gunn Lerøy og einingsleiar teknisk Harald Stadheim vil informera om prosessen så langt, samt opna for spørsmål frå publikum. Ordførar Audun Mo vil og vere med på møtet. 

Stad: Samfunnshuset i Borgund 

Tid: torsdag 21.september, klokka 18.00. 

Enkel servering. 

Vel møtt!

Borgund Oppvekst