- For å gjera gode tiltak treng me innspel frå næringslivet, seier næringsrådgjevar Ingeborg Lysne.

Difor blir det næringskveld i kultursalen onsdag 31. januar frå kl. 18 - påmelding til: ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no innan 25. januar!

Lærdal kommune har nemleg ikkje hatt nokon næringsplan på relativt lang tid. Eigentleg vart det vedteke i det sokalla planprogrammet at det skal lagast ein eigen kommunedelplan for næring, men dette har politikarane gått vekk frå – i staden skal det lagas tein tiltaksplan. 

- Meir konkret, mindre byråkratisk

- Då kan me koma fortare fram til kva me skal gjera. Dessutan er det stort press på næringslivet i høve biten som går på miljø og klima, og slik sett treng me ikkje ein ny plan som avgrensar, men heller ein som skisserer moglegheiter, er meir konkret og mindre byråkratisk, seier Lysne.

På nærinsgkvelden kjem Distriktssenteret og har eit opplegg med dei frammøtte med næringslivet.

- Dei gjer det på ein slik måte at alle skal få seia sitt. Me må ha målsetnader med kva me skal gjera, og me må staka ut nokre retningar for arbeidet. Og me må få på plass tiltak som det er lett å sjå verknadane av. 

- Store utfordringar

Eit tema Lysne er klar på at vil koma opp er korleis næringslivet kan eller skal organisera seg.

- Organiseringa av det lokale næringslivet er viktig i høve samarbeidet med kommunen. At dette samarbeidet og denne kanalen fungerer bra er noko både kommunen og Lærdal næringssamskipnad ønskjer. Arbeidet med ein tiltaksplan kan bli eit nytt startpunkt, og eg håpar næringslivet ser på dette som ein slik moglegheit også.

Eit anna viktig tema om dagen er sjølvsagt oppgraderinga av Lærdalstunnelen og konsekvensane stenginga av den halve døgnet over fleire år vil få.

- Det medfører sjølvsagt store utfordringar for næringslivet, så me må sjå på tiltak for å møta dette på best mogleg vis. Men dette møtet skal altså ikkje berre handla om Lærdalstunnelen, presiserer Lysne.

Spørjeundersøkjing og tankar om nytt arrangement

I tillegg skal det ut ei spørjeundersøkjing om næringslivet snart.

- På møtet i kultursalen kan næringsaktørar spela inn kva dei lurer på, i høve kva me skal spørja om i undersøkjinga.

Ikkje nok med det, men under næringskvelden vil også Nasjonalt villakssenter presentera planar framover, inkludert tankar om eit nytt arrangement i Lærdal hausten 2024.