Plan for habilitering og rehabilitering for Lærdal kommune, vert lagt ut til open høyring med høyringsfrist 6 veker.

Føremålet med planen er å vise korleis Lærdal kommune jobbar med førebygging, habilitering og rehabilitering i dei kommunale tenestene, og korleis kommunen sikrar gode tenester. Planen vil ta føre seg korleis ein kan styrke samarbeidet mellom tenesteytar, brukar og pårørande, i tillegg til tverrfagleg samarbeid på tvers av einingar og sektorar.

Innspel om framlegg til planen vert å sendast til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal eller på e-post til: post@laerdal.kommune.no

Høyringsfrist 12. august 2021.

Planen kan lesast her

Sak PS 015/21 finn du her