Natt til fredag eller seint torsdag kveld har det vore gjort hærverk på venterommet og tilhøyrande toalett, som ligg i same bygg som rådhuset.

Til høgre ser ein ei tom pakke som har inneheldt kinaputtar eller liknande, til venstre er det spor etter sparkesykkel inne på sjølve venterommet..
Til høgre ser ein ei tom pakke som har inneheldt kinaputtar eller liknande, til venstre er det spor etter sparkesykkel inne på sjølve venterommet.

Det er brukt fyrstikker og ein form for kinaputtar eller små eksplosivar – altså open eld. I verste fall kunne det ha starta ein større brann i rådhusbygget.

Vidare har den eller dei som står bak spunne med sparkesyklar så golvet er fullt av hjulmerke – og det har vore ein del anna generell tilgrising.

Lærdal kommune oppmodar dei som har gjort dette om å melda seg til oppsynsmann Tor Magne Gjerde (tlf.: 917 03 067), eller at den som måtte vita noko tek kontakt. Då blir dette ordna opp i utan at saka går vidare. 

Om ingen melder seg vil Lærdal kommune vurdera nøye å politimelda hærverket, med dei følgjer det kan få – hærverk på venterommet og toaletta har skjedd fleire gonger tidlegare og er noko som kommunen må gjera det ein kan for å få bukt med.

Venterommet er ikkje stengt og teknisk eining har rydda opp så godt det let seg gjera – men sjølve doen har fått så hard medfart at den må bytast ut.