Lærdal kommune skal syte for at personar som oppheld seg i kommunen vert tilbydd nødvendige helse- og omsorgstenester, jfr. Helse- og omsorgstenesteloven §3-1, §3-2 pkt 6 bokstav a.

Heimesjukepleie omfattar nødvendig helsehjelp som bidreg til å førebyggje vidare sjukdomsutvikling og funksjonssvikt, og/eller setje i stand til å leve med helsesvikt. Det vert tilbydd nødvendig helsehjelp i heimen, samt informasjon, råd, hjelp og rettleiing.

Målet med tenesta
grunnleggande behov vert ivareteke ved kort- eller langvarig funksjonssvikt
bidra til at den enkelte kan klare seg sjølv i størst muleg grad, med nødvendig helsehjelp til heimen
bidra til at den som mottek hjelp etter kvart vert mest muleg sjøvhjelpen
behov for heildøgns butilbod førebyggjer ein ved at det vert tilrettelagt for at dei som kan, får bu i eigen heim så langt det er muleg og praktisk gjennomførbart

Kriterium/vilkår
vert tildelt personar som bur eller mellombels oppheld seg i Lærdal kommune og som grunna helsesvikt har behov for helsehjelp i heimen
all tildeling av tenester vert gjort på bakgrunn av kartlegging av funksjonssvikt (IPLOS), helsetilstand og etter individuell vurdering der brukarmedverknad vert vektlagt
heimesjukepleie er eit tilbod til personar som på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetting ikkje sjølve har høve til å oppsøkja helsehjelp
behov for tenesta vert vurdert fortløpande
oppfølging av medisinsk handsaming
hjelp til at grunnleggjande behov vert ivareteke
assistanse til lækjemiddelhandtering
omsut ved slutten til livet

Anna
Innbyggjarar som treng akutt medisinsk/kirurgisk/psykiatrisk handsaming skal bli tilvist legevakt
Det kan formidlast kontakt med frivillige, som eksempelvis frivillighetssentral ved behov for følgje til ulike tenester, t.d frisør, fotpleie, lege, opphald i helse- og omsorgssenter, spesialisthelsetenesta og andre ærend. Dette inngår ikkje i heimesjukepleie
alle som mottek heimesjukepleie i meir enn 3 månader har ret til fri tannlegebehandling ved offentleg tannklinikk

Kva kan du forvente av tenesteeininga og tenesteytar
alt personell har teieplikt
helsehjelpa vert utført av autorisert helsepersonell eller av andre under rettleiing av autorisert helsepersonell
tenesteytar har respekt for deg, livssituasjonen din og heimen din
alle tilsette skal legitimere seg
tenesteytar vil samhandle med deg ved utføring av teneste og brukarmedverknad vert vektlagd
vi yt tenesta slik dei kjem fram av i vedtak du har fått, innafor dei tidsråmene vi er samde om og med det innhald som er skildra
om det av uføresette grunnar ikkje kan utførast teneste som avtalt, informerer vi deg snarast

Annan informasjon
verdiane til kommunen; respekt, engasjement, heider og likeverd skal prege tenestene våre
det kan oppstå akutte situasjonar som medfører at oppdrag vert forskyvde. Ved vesentleg forskyving skal det meldast til tenestemottakar
brukar må respektera at tenesteytar ikkje kan ta imot pengebeløp eller større gåver
i tenesta arbeider både kvinner og menn. Om du ikkje vil ta i mot hjelp av ein av desse, risikerar du å ikkje få hjelp denne dagen. Det er ikkje muleg å tilrettelegge med enkelte kjønn, eller enkelt personar som ikkje kan inn i heimen din

Forventningar til deg som mottek tenesta
at du gjer deg kjend med innhaldet i vedtaket ditt om helsetenester i heimen
deltek aktivt i planlegging og vurdering av tenesta
gir melding til helse- og omsorgstenesta ved fråver som rører avtalte tidspunkt
det vert forventa at tenestemottakar utfører dei oppgåver han/ho kan klare sjølv
heimen din er og arbeidsplassen til tenesteutøvar når tenestemottakar mottek helsehjelp i eigen heim. Det vert forventa at det vert lagt til rette for eit godt arbeidsmiljø, slik at tenesteutøvar ikkje vert utsett for arbeid som medfører helserisiko, jfr. Arbeidsmiljølova. Herunder å akseptera naudsynt personleg utstyr og tekniske hjelpemiddel. Likeeins naudsynt tilrettelegging som eksempelvis ommøblering.
tenestemottakar syt for at veg er framkommeleg og trygg uansett årstid
lys ved utedør, slik at det er lett å finna fram
god hygiene er viktig for både tenestemottakar og tenesteytar. Flytande såpe go tørkepapir skal vere tilgjengeleg
respekt for vår teieplikt, og at vi ikkje kan diskutere andre brukarar
at du ikkje røykjer inne når dei tilsette er tilstades
at husdyr vert halde på eige rom når dei tilsette er tilstades

Rettleiande standard for tenesta "helsetenester i heimen"
jmf Helse- og omsorgstenestelova §3-2 pkt 6 bokstav a; personleg stell og omsut

bistand til å stå opp og leggja seg
at personleg hygiene vert ivareteke, herunder bistand til dusj og hårvask, heilvask, barbering og tannpuss
ordinær neglklypping (ytterlegare stell av negler/føter må ein få utført hjå fotpleiar)
hjelp med/opplæring i bruk av inkontinensutstyr, stomistell, kateterisering og stell av urinkateter

Kosthald
kartlegging og oppfølging i høve ernæringsmessig risiko
tilrettelegging/smøring av brødmat
matombringing

Tilsyn
tilsyn utan behov for praktisk gjeremål vert ikkje utført
det kan søkjast om tryggleiksalarm

Administrering av medikament
det vert nytta som hovudregel multidose frå apoteket (ferdigdoserte medikament)
assistanse til å få teke medikament i dei tilfelle der ein ikkje sjølv kan handtere dette direkte frå multidose eller dosett, døme der ein har svekka hukommelse/vurderingsevne eller anna betydeleg nedsett funksjonsevne av fysisk, psykisk eller sosial art
injeksjonar der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor for å få sett desse

Sårbehandling
i dei tilfelle der det medfører stort besvær å koma seg til legekontor og det fins fagleg grunngjeving frå lege om at sårstell må utførast av helsepersonell
Prøvetaking og undersøkingar kan utførast i dei tilfella der det medfører stort besvær å koma seg til døme laboratorium/legekontor
Omsut ved slutten av livet det vert så langt det er muleg tilrettelagt slik at tenestemottakar som ynskjer det får døy i eigen heim, omgjeve av sine næraste