- Det er jo kort gangavstand til mange tilbod, seier kommunedirektør Gunn Lerøy om bustadfeltet Nyheim.

Tomtene her ligg i ei sørvendt helling rett ved Borgund sentrum. Det var Lærdal kommune som i si tid la til rette for bustadbygging, tomter har lege ute for sal sidan. Nokre tomter er selde, men fleire er framleis ledige.

- Aktivt miljø

Borgund sentrum har nærbutikk med kaffikrok, pub og kafé, bakeri, kommunehus/samfunnshus, køyre- og ridebane, ballbinge, grillhytte, barnehage og skule. Om vel eitt år skal skulen vera ombygd til eit moderne oppvekstsenter slik at barnehagen og skulen med barnetrinnet (1. – 7.klasse) blir samlokalisert.

Dessutan har skulen gymsal og symjebasseng som begge også blir nytta på fritida av innbyggjarane til ulike idrettar og bading.

Alt ligg innanfor 300 meter avstand til bustadfeltet Nyheim

- Ein må kunne seia det er eit bra tilfang av tilbod i ei bygd med 280 innbyggjarar. Dessutan har det vore stor tilflytting av yngre til Borgund dei siste åra, så det er eit veldig aktivt miljø og mykje som skjer. Dette og derav aukande fødselstal var også bakgrunnen for prosessen som enda med at kommunen byggjer oppvekstsenter på Borgund, seier Lerøy.

Artikkelen held fram under biletet

Bustadfeltet ligg i ei sørvendt helling og tomtene ligg langsetter vegen. Det er mange år sidan bustadfeltet vart etablert så det har vakse opp ein del skog, men det vil bli rydda og ordna til før tomtekjøpar overtek.
Bustadfeltet ligg i ei sørvendt helling og tomtene ligg langsetter vegen. Det er mange år sidan bustadfeltet vart etablert så det har vakse opp ein del skog, men det vil bli rydda og ordna til før tomtekjøpar overtek.

Ei ledig tomt til

Det er sju tomter for einebustader på Nyheim og tre tomter regulert til tettare utbygging, til dømes rekkjehus. Råtomtprisen er altså 0 kroner, så det ein må betala er anleggsbidrag på 52 kr. pr kvadratmeter tomt og tilknytingsavgift på kring 12 000 kr pluss moms. Dokumentavgift og tinglysingsgebyr kjem også, men dette vil bli beskjedne summar når råtomtprisen er 0 kroner. 

Einebustadtomtene er på 700 – 1150 kvadratmeter, så her får ein då ei tomt for totalt kring 50 – 60 000 kroner, avhengig av tomtestorleiken.

I tillegg er det ledig ei kommunal bustadtomt i Saltkjelen på Ljøsne. Denne er er om lag 860 kvadratmeter, og har tilgrensande utmarksområde på minst ei side. Området er solrikt, og med mange gode turmoglegheiter i nærmiljøet. Her er det ein råtomtpris på 187 kr. pr kvadratmeter, anleggsbidrag på 105 kr. pr kvadratmeter og altså tilknytingsavgift, dokumentavgift og tinglysingsgebyr.

For meir informasjon om dei kommunale bustadtomtene, klikk her. Vil du lesa meir om lokalsamfunnet Borgund, sjekk ut Borgund utvikling si nettside ved å klikka her.