På den eine sida er flaumsikringa så viktig fordi det skal sikra bustader, bygg og infrastruktur i sentrumsområdet mot flaum, for det andre fordi byggje- og andre prosjekt i somme område ikkje kan starta opp før flaumsikringa er på plass.

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) sette i januar i fjor av interne personressursar til å prioritera prosjektet. Sidan har ulike steg i førebuingsfasen starta opp og nokre er ferdigstilte. Ved å klikka på denne lenkja kjem ein til ei eiga side hjå NVE som skildrar framdrifta i prosjektet.

Alle moglege tiltak

Fasen ein er i no, er gjennomføring av moglegheitsstudie. Multiconsult skal gjennomføra studien på oppdrag frå NVE. Hovudføremålet er å sikra eksisterande bustadar og infrastruktur langs Lærdalselvi ved Lærdalsøyri mot flaum i samsvar med krav i TEK 17.

Alle moglege tiltak for å førebyggja flaum- og erosjonsskader langs Lærdalsøyri skal skildrast og vurderast på ein slik måte at dei tek omsyn til overordna målsetnad om å redusera omfanget av flaumskader på bygningsmassar og infrastruktur.