- Hovudpoenget er at ein vil ta unna meir som elles hadde hamna oppi conteinarane, seier næringsrådgjevar i Lærdal kommune, Ingeborg Lysne.

Difor er det laga til eit område i bygget på miljøstasjonen der folk kan setja inn brukande ting dei ikkje skal ha lenger, så kan folk som treng noko henta ut ting her. 

Konseptet er altså sjølvbetening, enkelt og greitt. Ombruksstasjonen er open i miljøstasjonen sine opningstider, på tysdagar.

- Ein kan setja inn kva som helst så lenge det kan brukast om att. Det bør vera så intakt at det kan nyttast om att med ei gong, forklarar Lysne.

Lågthengjande frukt

Lærdal kommune bestilte ein rapport frå Resirkula på kva ein skal gjera for å få meir ombruk i Lærdal, då med utgangspunkt i det Simas har fått inn på miljøstasjonen den siste tida. Eitt av tiltaka rapporten peikar på som ei lågthengjande frukt er nettopp ein slik enkel ombruksstasjon.

- Det blir ein presentasjon av rapporten 25. september frå klokka 9 til 11 i kommunestyresalen. Dei som vil høyra på er velkomne, berre gje meg eit hint først, seier Lysne.

Det er ikkje kome inn så mykje førebels, men ombruksstasjonen er også nett opna, så her er det berre å fylla på med brukande ting ein vil bli kvitt
Det er ikkje kome inn så mykje førebels, men ombruksstasjonen er også nett opna, så her er det berre å fylla på med brukande ting ein vil bli kvitt

Ombrukssjef

Ombruksstasjonen er komen for å bli, og Simas har tilsett Oddvin Kulsli som ansvarleg for ombruk i Årdal, Lærdal og Aurland.

Kulsli forklarar at ting som blir ståande lenge, altså ikkje henta ut, til slutt hamnar i conteinarane, men målet er sjølvsagt at så mykje som mogleg skal få nytt liv. Vidare peikar han også på at dei har eit samarbeid med Sogneprodukter om syklar – det fungerer slik at syklar som kjem inn og har enkle manglar blir rusta opp av Sogneprodukter for så å koma til sals for ein rimeleg penge.