- Me har hatt veldig mange flinke vikarar som har starta på skule eller i annan jobb, forklarar styrar Anne Margrete Hatlelid.

Difor er dei på utkik etter fleire hender. Det er nyleg utlyst ulike stillingar ved Lærdalsøyri barnehage, og tilkallingsvikarar er det stort behov for.  

- Ein treng ikkje jobba kvar dag i veka, så er ein ute etter deltidsstilling er det også aktuelt. Ein kan jobba så mykje som ein ønskjer, eigentleg. 

- Kva krevst av bakgrunn og erfaring?

- Så lenge ein likar å vera med menneske og born, å utfordra seg sjølv og taklar ein hektisk kvardag er mykje på plass. Og at ein føler seg ung til sinns og kroppen spelar med. Me er litt ute på tur og det er nokre løft i løpet av ein dag. Me er opptekne av du skal passa inn i ein barnehage. Så me driv ein del med rettleiing og opplæring. Det er også mogleg å få prøva seg. Om ein tek kontakt så er det ikkje slik at ein bind seg.

Enkelt å søkja

Hatlelid fortel at ein kan søkja om å bli tilkallingsvikar på enkelt vis – ringja henne på telefon: 40 82 55 75 eller senda ein e-post til: anne.margrete.hatlelid@laerdal.kommune.no

- Då kan ein skriva ein e-post der ein fortel litt om seg sjølv – litt om bakgrunn og om ein har noko erfaring med arbeid med born eller ikkje.

Ho fortel dei har eit godt arbeidsmiljø ved Lærdalsøyri barnehage.

- Me er ein gjeng med stort sett damer i alle aldrar, men me har to karar som jobbar her også, og dei er me kjempeglade for. Me har det kjekt og trivst i lag, og me finn på litt utanom jobben også.