Det er eit pågåande smitteutbrot i Sogndal, med forgreiningar i nabokommunar. Me oppfordrar sterkt alle som har vore på fest, og spesielt i Sogndal, til å ta ein test. Dette kan og gjelde heimefestar eller arrangement på annan stad enn Meat Point i Sogndal. Fleire av dei som har fått påvist smitte har vore fullvaksinerte, og fleire har ikkje hatt symptom. Me oppfordrar difor sterkt til å ha låg terskel for testing, sjølv utan symptom. Me minner og om at smittevernreglar framleis er gjeldande, og at folk også i stor grad må ta ansvar sjølve for å oppretthalda smittevernet.  Vis gjerne ekstra varsemd dei neste dagane, då omfanget av utbrotet i Sogndal framleis er uavklara. 

Les meir om smitteutbrotet i Sogndal og nabokommunane her: https://www.sogndal.kommune.no/informasjon-om-paagaaande-smitteutbrot-i-sogndal.6400186-491787.html