Kinoprogrammet finn du på facebook, i kommunen sin arrangementskalender, i lokalavisa, på oppslag i kulturhuset og i plakattavla på rådhuset.
Kinoen har kiosk der det er høve til å handle seg nypoppa popkorn, snop og drikke. Sjølve salen har 150 sitjeplassar.

 

Aldersgrenser på kino:
Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i Lov om beskyttelse av mindreårige mot skadelige bildeprogram mv. som de finn her.

A – tillate for alle

6 år – alle born i fylgje med vaksne.

9 år – born ned til 6 år i fylgje med vaksne.

12 år – born ned til 9 år i fylgje med vaksne.

15 år – unge ned til 12 år i fylgje med vaksne.

18 år – absolutt aldersgrense.
 
 
Billettprisar på kino:

Vaksne kr. 120,-
Born kr. 80,-
 
Ved høve kan det vere eigne prisar for premierar og spesielle framsyningar. Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis.
Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen hjå tenestetorget på rådhuset. Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino. Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.