Det var ein interessant og lærerik kveld på SJH i Aurland. Advokat Lasse Sælthun fortalde om juridiske og menneskelege utfordringar ved eigarskifte. Leiar i Aurland bondelag, Thomas Rastad, informerte om bondelaget og snakka om viktigheita av å stå saman og sjå kvarandre. Ole Bjarne Hovland frå Hovland gard fortalde om garden sin og korleis han har satsa. Rektoren frå SJH, Børre Solberg, fortalde om matjorda vår og me fekk informasjon om skulen. Karsten Valland frå Innovasjon Norge, tok turen frå Hardanger for å informere oss om dei mange tilskotsordningar som bøndene kan søke på hjå dei. Avslutningsvis på kvelden fortalde Felles landbrukskontor ÅLA og næringsrådgjevar i Aurland Kommune, Linn-Jeanette om kva me kan bidra med. Det kom gode spørsmål undervegs og det var god stemninga hjå dei frammøtte.

Felles Landbrukskontor ÅLA håpar å kunne ha fleire samlingar om diverse temaer framover, og me vil gjerne ha innspel på tema som kan vere av interesse. Innspel  kan sendast på e-post til: beate.stolen@laerdal.kommune.no

Takk for fin samling!