Han vart vald på konst. rådsmøte den 27. februar.

- Verdsarvrådet skal ta vare på dei unike kvalitetane i verdsarven på vegne av generasjonar. Det er eg trygg på at me saman skal greie på ein god måte. Me skal òg syta for at verdsarven beheld lokal tilslutning. Gjennom aktiv busetnad og eit aktivt næringsliv så kan me oppnå dette. Verdsarven må trass alt opplevast! seier Bøe Bjørgum, som no blir leiar i perioden 2024-25.

Hovudsekretariatet følgjer leiar og vert i same periode lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark. Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang, er valt til nestleiar av rådet.

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har som si fremste oppgåve å arbeide for å ivareta og fremja av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap.

- Å bli vald til leiar for verdsarvrådet er både ærefullt og eit stort ansvar, eg gler meg til å starta samarbeidet med dei mange dyktige partane i dette arbeidet, seier Bøe Bjørgum.